Formidlar og museumspedagog

Julia Stangeland er så heldig at ho har ein jobb ved Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms. Der kjem faktakunnskapen ho trekte inn i masteroppgåva i historie til god nytte.

Bilde av Julia Stangeland
Foto: Doris Wøhncke

- Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

- Den viktigaste oppgåva mi på museet er å formidle historia om krigen i Finnmark og Nord-Troms og om lokalhistoria i nærområdet. Det gjer eg gjennom undervisning av skuleklassar, utvikling og finpussing av skuleopplegg, arbeid med utstillingar, omvisingar for alt frå folk i forsvaret til folk som knapt nok har fått med seg at det fanst ein tysk soldat i Noreg og i alle fall ikkje i Nord-Noreg – og skriving av tekstar. 

- Kva liker du best med jobben din?

- Eg trivst aller best når eg kan skrive tekstar. Uavhengig av om teksten er lang eller kort så liker eg å kunne utforske eit tema og ei problemstilling, lese meg opp, finne nye vinklingar og skrive ein – forhåpentlegvis – god tekst om temaet. Det å kunne grave seg ned og så formidle ut essensen er veldig fint og tidvis utfordrande. Det gjeld ikkje berre fagartiklar, men arbeid med utstillingstekstar som er ein heilt eigen sjanger. For ein stakkar som elskar å skrive langt, er det svært utfordrande å unngå å ta livet av publikum med ord. Eg liker òg veldig godt at eg stadig får ny kunnskap og nye måtar å tenke om krigen på. Det er òg veldig interessant å kunne bruke sider ved krigen og tida etterpå, til å peike på sider ved dagens samfunn.

- Korleis er utdanninga frå HF relevant i denne jobben? 

- Eg er så heldig at eg skreiv masteroppgåve om media si dekning av tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms, og no har ein jobb der faktakunnskapen eg trekte inn kjem til nytte. I tillegg vil eg seie at eg gjennom studiet lærte mykje om eigen skriveteknikk, som eg brukar i tekstarbeidet mitt her på museet. 

- Ditt beste tips til ferske studentar som tenker på jobbmoglegheitene etter studiet?

- Det er fristande å seie at det er viktig å velje eit tema som ikkje så mange spesialiserer seg innanfor, men mykje av det ein lærar i masterprosessen er jo teknikkar som kan overførast til arbeidslivet uavhengig av tema. Ein lærer å lære, og ein lærer korleis ein sjølv arbeider best. Mitt beste tips må vere at ein må vere villig til å flytte på seg. Kanskje finst ikkje draumejobben i Oslo, eller kanskje kan du ikkje få den med ein gong. Ved å flytte på seg kan ein få ny erfaring, både om andre fagfelt og om ein annan landsdel. Kunnskap som sig inn i umedvite får ein mykje av gjennom studielivet, og viss ein er heldig får ein det òg i arbeidslivet.

Publisert 27. feb. 2019 13:03 - Sist endra 27. feb. 2019 13:24