Samfunnskontakt

For Kristofer er det enormt tilfredsstillande at jobben i TIER krev at han kvar dag brukar det han lærte som retorikkstudent.

Portrettfoto, mann, smil, utendørs, briller, kort brunt hår, skjegg, oransje genser med blårutete skjorte under

Kristofer Olai Ravn Stavseng

Foto: Privat

– Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Som samfunnskontakt er det min jobb å syte for at mikromobiliteten får eksistere i dei beste moglege rammene. Det gjeld både å påverke til fornuftig regulering på lokalt og nasjonalt plan, og ha god kontakt med samarbeidspartnarar og andre aktørar.

Det er viktig å finne fakta, forsking og statistikk, og bruke dette for å utvikle gode argument. Vidare må argumenta bli formulert på ulike måtar til ulike publikum, og dei skal kunne passe høvesvis i møte med styresmakter, i debattar og kronikkar. Det er jo mange syn på tilbodet vårt, så det er minst like viktig å kunne lytte som å kunne skrive godt og snakke godt for seg.

– Kva liker du best med jobben din?

– Det beste med jobben min er at eg får utøve politisk retorikk, fordi det er det eg har studert. Det er enormt tilfredsstillande å kunne bruke det eg har fagleg kunnskap om, og som eg alltid har vore opptatt av. Så lenge eg får gjere det, er eg eigentleg nøgd. Men det som er fascinerande med nett mikromobilitet er at det framleis er så nytt, og at vi er heilt i den spede barndomen av korleis reguleringa kan kome til å bli. Det kan gå så mange vegar, og det å ha påverknad til å styre utfallet, er frykteleg spennande.

– Kva av det du lærte på HF har du hatt størst nytte av i denne jobben?

– Som student sat eg stor pris på å ha stor fridom til å sjølv velje problemstillingar for    semesteroppgåvene. For meg var det viktig å utforske sider ved retorikken som eg trudde kunne kome til nytte i arbeidslivet. Eg skreiv stort sett oppgåver om talar i ulike krevjande omstende, som orsaking, forsvar og avstand mellom retor og publikum.

Masteroppgåva mi handla om taleskriving under pandemien. Det var veldig gøy, og før eg leverte hadde eg landa engasjement som kommunikasjonsrådgivar og taleskrivar i Finansdepartementet. Så det at HF kunne la meg få fordjupe meg i det eg ønskte, var nyttig og viktig. I tillegg til alle emna som styrka dei analytiske ferdigheitene, var dei praktiske retorikk-emna uvurderlege.

– Kva er ditt beste tips til ferske studentar som tenker på jobbmoglegheitene etter studiane?

– For det første: Sei ja til frivillige verv og søk studentvenlege jobbar som reflekterer det du studerer. Då viser du potensielle arbeidsgivar at du meistrar både det analytiske og det praktiske. Ein må ikkje halde rhetorica utens og rhetorica docens lenger unna kvarandre enn det som strengt nødvendig er.

For det andre: Bruk dei flinke folka som jobbar på fakultetet. Skriv e-postar til dei, still spørsmål, ta opp det du undrar deg over. Eg trur mange av undervisarane er meir tilgjengelege enn mange studentar trur.

For det tredje: Du har lov til å vere stolt av å vere nordist, retorikar eller humanist. Hugs det du har lært. Møt verda med sjølvtillit. Og bli for all del ikkje så takksam for å få jobb at du gløymer å forhandle på løna!
 

Kristofer Olai Ravn Stavseng

Fag:
Nordiske studier, studieretning Retorikk og språklig kommunikasjon

Grad:
Master

Uteksaminert:
2021

Stilling:
Samfunnskontakt (Public Policy Manager)

Arbeidsgivar:
Tier Mobility Norway AS (tier.app)

Fleire karriereintervju

Publisert 14. nov. 2022 18:37 - Sist endret 14. nov. 2022 18:37