English version of this page

Førstekonsulent i Kunnskapsdepartementet

«Eg vil anbefale alle å enten ha praksis eller utveksling i løpet av utdanninga. Gjerne begge deler!» seier Ingrid.

Portrettfoto, kvinne, stort smil, utendørs, trær og fjell, rosa genser, langt blondt hår

Ingrid Skrede

Foto: Privat

– Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Som tilsett i eit departement er dei viktigaste oppgåvene å førebu saker for regjeringa, iverksette vedtak, og følge opp politiske prioriteringar. For meg i kvardagen vil dette seie å følge opp regjeringa sin politikk på høgare utdanning, forsking og internasjonalt samarbeid. Eg jobbar med alt frå bilateralt og multilateralt samarbeid, til handsaming av spørsmål om utdanning i Noreg.

– Kva liker du best med jobben din?

– Eg likar å jobbe i skjeringspunktet mellom fag og politikk. Eg jobbar i seksjon for internasjonalt samarbeid, og det å få jobbe med internasjonale relasjonar og bruke kunnskap frå studiet er veldig givande. Det eg likar aller best er at det stadig er noko nytt å lære, og at arbeidsmiljøet er veldig godt. Eg har snart jobba i eitt år og har ikkje hatt ein einaste kjedeleg dag.

– Korleis er utdanninga frå HF relevant i denne jobben?

– Sidan eg jobbar med internasjonalt samarbeid, er det mange teoretiske fag som bidreg inn i forståelsen av til dømes det multilaterale systemet og Noreg sin utanrikspolitikk. Ikkje minst kjem studieteknikkar og erfaring med skriving og analyse til nytte. Eg trur mange forventar at HF-bakgrunn ikkje passer til jobb i staten. Men ofte er ferdigheiter vel so viktig som fagkunnskap når ein skal søke sin første jobb. Ein lærer mykje av å vere i jobben.

– Kva er ditt beste tips til ferske studentar som tenker på jobbmoglegheitene etter studiane?

– Nyt studietida! Det er ei unik tid med heilt særeigne betingelser du garantert vil sakne. Det er fort gjort å stresse over framtida, men viss du jobbar jamt og trutt er det også mykje tid til å ha det kjekt, og det kjem til å gå bra.

Det er svært mange ting som kan gjere deg til ein attraktiv arbeidstakar. Som humanist må ein på ein måte skape seg ein profil for å vise arbeidsgivar kva du kan bidra med. Det er ikkje like rett fram som andre meir yrkesretta studiar.

På MITRA har ein eit praksissemester i løpet av masteren, noko som for meg var heilt uvurderleg. Eg vil anbefale alle å enten ha praksis eller utveksling i løpet av utdanninga. Gjerne begge deler! Eg var også aktiv ved sidan av studiane i frivillige verv. Dette gir både sosialt og fagleg utbytte, og kan vere veldig moro.

 

Ingrid Skrede

Fag:
Modern International and Transnational History

Grad:
Master

Uteksaminert:
2021

Stilling:
Førstekonsulent

Arbeidsgivar:
Kunnskapsdepartementet (KD) (regjeringen.no/no/dep/kd)

Fleire karriereintervju

Publisert 6. feb. 2023 16:03 - Sist endret 10. feb. 2023 16:12