English version of this page

Oppgåveinnlevering ved ILN

Kort innføring i bruk av kjelder

Som student ved Det humanistisk fakultet skal du skrive akademiske heimeoppgåver. For å skrive ei god oppgåve, er det viktig at du brukar kjelder på riktig måte. Her er ei innføring i fire grunnprinsipp for kjeldebruk: referanse, parafrase, sitat og litteraturliste.

Studenter ved det Humanistiske Fakultet treng ikkje lengre levera ei erklæring om rett kjelde- og sitatbruk ("fuskeskjema"). Du finn meir informasjon om kjeldebruk, samt regler og rettleiinger ved UiO på denne sida.

Du finn meir informasjon om korleis ein bør skrive og referere ved å klikke på "UB: Skrive og referere" under.

Innlevering på papir

Ved innlevering på papir må du hugse:

  1. To papireksemplar av oppgåva med framside på begge. Bruk gjerne vår mal for framside (bokmål/nynorsk) (.doc).
  2. Stift saman framsida og oppgåva. Venlegast ikkje bruk binders, plastmapper eller liknande.
  3. Lever oppgåva i ekspedisjonen si opningstid (må-fr, 12.3015.00). Vi tek ikkje imot oppgåver etter kl. 15 på innleveringsdagen.

Har du ikkje høve til å levere oppgåva sjølv, kan du be nokon du kjenner om å levere den for deg. Du må i så tilfellet sjølv sjå til at punkta over vert følgde.

Innlevering i Fronter og Inspera

For innlevering på Fronter gjeld andre reglar. Sjå semestersidene og læringsrommet i Fronter for det aktuelle emnet.

Bruk gjerne vår mal for framside (bokmål/nynorsk)

 

For innlevering i Inspera kan du lese lenken under:

http://www.uio.no/studier/eksamen/inspera-innlevering/

Sjå semestersiden for emnet under eksamen om det er digital eksamen

 

Ekspedisjon

Telefon: 22 85 62 27
E-post:

Besøk oss i 5. etasje i Henrik Wergelands hus.

Ope: må.fr. 12.3015.00