I boka, som kom ut på forlaget Verso Books 6, mai, undersøker Erik Skare korfor islamismen vart ein leiande faktor i den palestinske motstandskampen.
Skare viser korleis palestinsk islamisme er eit langt meir kompleks og dynamisk enn kva forskinga ofte har antatt. Fenomenet har kontinuerleg utvikla seg gjennom stridar mellom haukar og duer. Desse kampane har stort sett blitt avgjorde av eksterne drivkrefter – innanpalestinsk konkurranse, israelsk vald og undertrykking, eller endringar i den regionale maktbalansen.
Erik Skare er postdoktor hos Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtøstenstudier (IKOS) på Universitetet i Oslo, og har mellom anna gitt ut den prisvinnande boka A History of Palestinian Islamic Jihad (Cambridge University Press, 2021).
Jacob Høigilt er professor i Midtaustenstudiar ved IKOS, UiO.
Hilde Henriksen Waage er professor i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH), UiO.
Arrangementet er organisert i samarbeid med HumSam-biblioteket.
Samtalen vil gå føre seg på norsk. Du vil kunne kjøpe boka av forfattaren på arrangementet.
Boklansering: Road to October 7: A Brief History of Palestinian Islamism
Velkommen til lansering av Erik Skares nye bok om palestinsk islamisme. Det blir ein presentasjon av boka etterfølgd av ein panelsamtale med forfatteren, Hilde Henriksen Waage og Jacob Høigilt.
Arrangør
Centre for Islamic and Middle East Studies og HumSam-biblioteket
Publisert 28. mars 2025 13:28
- Sist endra 13. mai 2025 11:53