Faglege interessar
Eg er oppteken av religiøs konvertering, asyl og møter mellom religion og sekularitet. Doktorgradsprosjektet mitt omhandlar asyl og konvertering til kristendom. Eg ser særleg på kva for måtar norske kristne assisterer asylsøkjarkonvertittar som ønskjer opphaldsløyve i Noreg. I tillegg er eg oppteken av korleis religiøs konvertering vert forstått og definert av utlendingsmyndigheiter og domstolar.
Bakgrunn
Mastergrad i religionsvitskap, IKOS, UiO
"Tingen med konvertering - Ei utforsking av iranske asylsøkjarar sine konverteringsnarrativ gjennom eit materialitetsperspektiv". 2023.
Eller enklare sagt: korleis fysiske ting som kors, biblar, figurar, bilete, osv er ein viktig del av religiøst liv.
Dette forska eg på fordi eg hadde ein tanke om at fysiske ting 1) var viktig for konvertittane, og 2) difor burde inkluderast i vurderingen til utlendsingmyndigheitene når dei avgjer om konverteringane til asylsøkjarane er reelle eller ikkje.
Funna mine viste at konvertittar forheldt seg til ulike fysiske objekt, og at desse er viktige markørar for dei ulike stega i konverteringsprosessen.
Her kan du høyre meg snakke om prosjektet i podkasten RelPol.
Bachelorgrad i religionsvitskap, IKOS, UiO
"Materiell kultur i Kvekarsamfunnet". 2021.
Kvekarane er eit lite, men historierikt trussamfunn i Noreg. Dei er opteken av ideen om "enkelheit" - at fysiske ting ikkje skal ha nokon særskilt tyding. Difor ville eg vite korleis dei innreidde lokala sine med utgangspunkt i denne ideen. Funna mine var at dei er sparsomme, men at det ligg religiøse tankar bak alt frå arkitektoniske val til møblar og interiør.
Arbeidserfaring
Eg har tidlegare arbeida som vitskapleg assistent for førstemanuensis i religionsvitskap Nora Stene.
Eg har jobba som publikumsvert på Scene Domus Bibliotheca og omvisar i Universitetets aula.
Eg har arbeida administrativt på UiO som førstekonsulent i SV-info.
Anna
Intervju i RelPol (2023) – IKOS Religion and Politics Podcast.
Forskning.no (2022) - Unge muslimar krev jamstilling og demokrati.
Framtida.no (2020) - Operasjon martyr Soleimani.