I Noreg har jamvel grisen ski på beina

Står norske griser på ski? Ja, det har hendt. Svaret ligg i ordet purkeski. Du finn det forklart i det niande bandet av Norsk Ordbok. Saman med skikringle og hundre andre ord på ski.

Ski er både det mest norske og det mest internasjonale ordet vi har i norsk språk.

- Det er eit ord vi har eksportert til heile verda. Men det er også eitt av dei aller eldste orda vi har, seier Olaf Almenningen. Han er redaktør for nøkkelordet ski, og synest det er spesielt gjævt å kunne presentere så mange nye funn av ordet nettopp no, i samband med ski-VM i Oslo. 2011 er jo dessutan eit Nansen-år, påpeikar redaktøren. Og kva kan han seie om polfarar Fridtjof Nansens eigne ski-ord?

- Eg veit han brukte ordet skiløbning om aktiviteten generelt, og at han dessutan kjende til låm, altså løype eller far, eit ord frå Telemark sjølvsagt.  

Det sjølvsagde ligg i at fylket hyser skisportens vogge Morgedal. Derfor er det ikkje underleg at svært mange av ski-orda stammar nettopp frå telemarkstraktene. Som skihekt, eitt av dei i alt 25 regionale variantane av ordet skiløype. Skihekt er det same som å krysse sitt eige spor i ei lykkje. Skimeidd, skimeit og skirenne er tre andre ord for skiløype, som alle er funne i Telemark.

Men det var ikkje telemarkingane som sette ski på grisen. Det var det nordmøringar, romsdalingar og sørtrønderar som gjorde.

Hans Ross noterte seg griseplaginga på Nordmøre

Språkforskar Olaf Almenningen er redaktør for nøkkelordet ski i band 9 av Norsk Ordbok 2014. Purkeski er eitt av mange ski-ord som overraskar.

Om ordet purkeski står det i ordboka: somme sette ”ski” på grisen, så han ikkje skulle springe for langt. Det blei då sett ein klave eller eit vidjeband over nakken eller mellom fram- og bakfot på grisen.

- Det er vel tenkjeleg at purkeskia ikkje var så lang som vanlege ski, om ho skulle passe rundt halsen eller føtene på grisen, seier Olaf Almenningen.

Stadnamn fortel kvar ordet med dette innhaldet er registrert: Voll, Surnadal, Hemne og Oppdal. Dessutan står det Ndm for Nordmøre, og så ein stor R?

- Den står for Hans Ross: Norsk Ordbog 1895. Ordboka har mykje dialektstoff frå 1800-talet, truleg perioden frå 1870 til 1890. NdmR vil altså seie at Hans Ross har notert seg denne griseplaginga på Nordmøre!

Brynjulv Dolve laga askeski på Voss

Ikkje alle ord som er funne og registrerte, får vere med i ordboksverket. Av dei 100 orda på ski som er funne verdige, er heile 16 av dei variantar av ordet skitupp. Det synest Almenningen vitnar om ein rik fantasi. Skinase seier hemsedølene. Skinebb seier dei i Berlevåg. Skihals skriv Ivar Aasen. Og folk i Åmli? Dei har ski med skikran!

Ein stad står også askeski nemnt.

- I slekt med askesky?

- Nei, der må Almenningen skuffe.

- Askeski er ski laga av ask. Men eg kjende til ein av dei som laga slike ski, Brynjulv A. Dolve frå Voss. Han hadde ein liten skifabrikk der då eg var gutunge. Han prøvde med både bjørk og furu. Men han likte aller best ask, han Dolve. Han sa at asken var lettast å bøye.

”Dolveskias venner” på Voss har teke vare på soga om denne gamle skikulturen, fortel den skiglade språkforskaren.

Almenningen er gledeleg overraska over kor mange ordvariantar som finst under temaet ski. Med band 9 er heile det norske fastlandet kome med. Berre Svalbard manglar. For skibinding har ordboka ti variantar. Skilabb er Almenningens favoritt. Og skikringle er eitt avsju ord for skistav med trinse.  

Og i Trøndelag er det vanleg å skyte bjørn

Johan Grøttumsbråten idet han passerer mål som vinnar av 18 km under verdsmeisterskapen på ski i tyske Oberhof i 1931. Grøttumsbråten var ein av Noregs mange skikongar. "Skikonge" er eitt av om lag hundre ord på ski i ordboka.(Foto: Skimuseet)

Vårt moderne ord ski kjem av det norrøne nøytrumsordet skíð, som tyder tilhogd vedstykke. Seinare har hokjønnsordet skida, som tydervedskie, påverka bøyinga i moderne norsk.

- Skia vi går på i dag har truleg ei mest like lang historie bak seg som det har budd folk i det lange, hengslete landet vårt, seier Almenningen og minnest langskia og andoren, eller ondra, som hang på veggen hos bestefar hans.

Det var truleg den korte og den lange skia det starta med. Det kan Arnold Dalen, pensjonert språkforskar frå Trøndelag, fortelje mykje om. Han har samla inn trønderske ski-ord i ei årrekkje.

- Andoren var den korte skia som dei brukte til å sparke frå med. Den var skinnkledd, seier han og fortel at dørja er eit typisk trønderord for skiløype. Trønderane har eit særdeles rikt ski-vokabular, stadfester Almenningen.

- Å skyte bjørn, er ein vanleg talemåte i Trøndelag, seier språkforskar Tor Erik Jenstad.

- Og det tyder?

- Å dette på ski. Meir sjeldan bruker ein også å slå bjønn, støyp bjønn og stell te en bjønn. Det blir også brukt som verb: å bjørne.

Talemåten siktar sjølvsagt til gropa som blir igjen i laussnøen når du ramlar på ski. Ein trønder jamfører den med gropa etter ein bjørn!

 

I år er det 150 år sidan Fridtjof Nansen blei født. Då polfareren gjekk på ski, snakka han om skiløbning. (Foto: Skimuseet)

 

Norsk Ordbok 2014

Denne artikkelen er også gjengitt i Forskning.no

 

Av Mari Kildahl (tekst), Annica Thomsson (foto og illustrasjon)
Publisert 16. feb. 2011 15:48 - Sist endret 16. mars 2020 20:11