Forskar set nordiske verb under lupa

Eigentleg skulle Ida Larsson bli biolog. I staden vart ho lingvist. – Å forske på språk kan minne om å undersøkje noko i eit laboratorium, seier forskaren. No skal ho finne ut korleis og kvifor nordiske verbfrasar endrar seg.

Professor Ida Larsson (Foto: privat)

Dei nordiske språka har ei lang felleshistorie, og har ofte ei parallell utvikling. Det gjer det interessant å forske på likskapar og forskjellar i desse språka. Det seier professor Ida Larsson ved institutt for lingvistikk og nordiske studium.

Larsson leier forskingsprosjektet «Variasjon og endring i den nordiske verbfrasen». Her samanliknar forskarane dei nordiske språka svensk, dansk, norsk, færøysk og islandsk, frå slutten av 1600-talet og fram til i dag.

– Vi ser på korleis språklege kategoriar kan variere i språk som er så like og så nært i slekt som nordiske språk er. Sidan språka er såpass like, er det lettare å peike på det som faktisk varierer og kva variasjonen går ut på, forklarer Larsson.

Studerer refleksiv

Prosjektet tek føre seg fire ulike, men nærskylde lingvistiske fenomen: partikkelkonstruksjonar (skru på lyset), benefaktiv (bak meg ei kake), resultativ (mal huset raudt) og refleksiv (vaske seg). Prosjektet undersøkjer korleis desse høver til kvarandre, og til andre aspekt av grammatiske system både i eldre og nyare variasjonar av skandinaviske språk.

Noko av det forskarane ser på, er forskjellen i plassering av refleksiv. Enkelte verb må ha med det refleksive pronomenet seg for at dei skal gje meining: som «vaske seg», «kjemme seg».

– Svensk og norsk har annleis rom for plassering. På svensk vil ein seie «I går tvättade sig maratonlöparen», medan på norsk vil ein seie «I går vaska maratonløparen seg». Ein kan tenkje seg at refleksiv har andre eigenskapar, og derfor oppfører seg annleis, seier Larsson.

Ser også på det som ikkje endrar seg

Det er ikkje berre språklege endringar som interesserer forskarane i prosjektet. Dei er minst like opptekne av det som ikkje endrar seg.

– Når ein ser på kva som forandrar seg, så må ein også sjå på kva som ikkje forandrar seg. Nokre gonger ser vi at språk ser ut til å ha ein stabil variasjon. I dei eldre nordiske språka er det variasjon i ordrekkjefølgja i partikkelkonstruksjonar, og framleis kan ordrekkjefølgja variere i norske dialektar (skru lyset på – skru på lyset). Svensk og dansk har endra seg, men i motsett retning. På svensk kan ein berre ha objekt etter partikkel (skruva på locket), medan dansk alltid har objekt framfor partikkel (skru loget på). I dette prosjektet undersøkjer vi korleis den delvis stabile variasjonen ser ut på norsk, men ser også på kva som har skjedd med partiklane i svensk og dansk. 

Både skriftlege og munnlege kjelder er brukte i prosjektet.

– Vi bruker ein del skriftlege kjelder, slik som elektroniske korpus. For det meste bruker vi skriftlege kjelder som er så lite standardiserte som råd, slik som dagbøker og dramadialog. Dette er kjelder som gjev att så naturleg tale som råd. Vi prøver å undersøkje språkleg kompetanse, så det munnlege er viktig, forklarer ho.

Ilustrasjon: Annica Thomsson?)
(Illustrasjon: Annica Thomsson)

Eksperiment

I studien gjer også forskarane språklege eksperiment. Dei som tek del, får i oppgåve å formulere om setningar som dei får opp på skjermen. Ida Larsson forklarer:

– Ein del av dei fenomena vi undersøkjer, er uvanlege i spontan språkbruk og er derfor vanskelege å undersøkje i korpus. Derfor bruker vi eksperimentelle metodar for å få språkbrukarar til å produsere den typen språklege mønster som vi er interesserte i å undersøkje. Dersom vi gjev informanten setninga «maratonløparen vaska seg i går» og ber han eller henne om å byrje med «i går» i staden, så kan vi sjå om «seg» blir plassert før eller etter «maratonløparen». Nordmenn og svenskar gjer dette på ulikt vis, men svenskane varierer også ordrekkjefølgja ein del, seier språkforskaren.

Som eit laboratorium

Larsson samanliknar språkforsking med å studere noko i eit laboratorium:

– Vi kan undersøkje lingvistiske kategoriar ved å halde utvalde faktorar konstante og samtidig variere andre, seier ho og utdjupar:

– Når ein skal undersøkje noko i eit laboratorium, når ein skal teste korleis noko reagerer på noko anna, så kan ein ikkje byte ut alt samtidig, ein må ta éin ting om gongen. Det er litt det same med norsk og svensk – når ein skal studere, samanlikne norsk og svensk – ein kan tenkje at min svensk og din norsk er nesten heilt like – det som varierer er berre noko lite her og der. 

Skulle eigentleg bli biolog

Samanlikninga med eit laboratorium er høgst relevant i Larsson sitt tilfelle. Før ho byrja på språkvitskap, studerte ho biologi i eitt og eit halvt år på universitetet.

– Eigentleg var det biolog eg skulle bli, men så snubla eg innom språkvitskap. Eg synest det er utruleg interessant korleis språk nokre gonger forandrar seg, og andre gonger ikkje. Det å forstå språkforandring appellerer til meg.

Språk har ein biologisk base

For Larsson var overgangen frå biologi til språk ganske naturleg. 

– Overgangen var ikkje så sær som ein skulle tru. Ein seier jo at språkvitskap ligg ganske nær naturvitskapane. På mange måtar kan ein også seie at språket har ein biologisk base – det som er spesifikt for menneska. Og det passa meg nok ganske bra å byte, då eg er meir interessert i menneske – meir «mind» enn hjerne, seier ho.

Å vere svensk i Noreg er ein fordel når ein forskar på eit slikt prosjekt, meiner ho.

– På mange måtar kan ein sjå på svensk og norsk som same språk – men dersom ein byrjar å grave i det, er det nokre gonger ubegripeleg ulikt. Ein oppdagar sider ved eige språk, og blir mykje meir bevisst når ein les historiske tekstar eller støyter på variasjon på ein annan måte. Som svensk i Noreg noterer eg meg ting heile tida, seier Larsson.

Av Toril Haugen
Publisert 15. aug. 2018 15:43 - Sist endret 15. aug. 2018 15:44