Dei lærer om kunsten å lære bort

Professorar og undervisarar blir sjølve studentar i prosjektet «Mestere i didaktikk». Gjennom eit norsk-polsk samarbeid testar dei nye metodar for undervisning.

Illustrasjonsbilde fra klasserom

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Nyleg sat polske professorar og akademikarar langt inne i Nordmarka og bygde tårn av marshmallows og spagetti. Dei hadde gått frå Voksenåsen til Studenterhytta. Laget som bygde det høgste tårnet på den tildelte tida, vann.

Dette var oppvarminga til dagens eigentlege oppgåve, som gjekk ut på å sjølv konstruere ei liknande øving som dei kunne bruke i eiga undervising i Polen.

Opplegget var del av prosjektet «Mestere i didaktikk». Her samarbeider tre institutt ved Det humanistiske fakultet med ei rekke polske utdanningsinstitusjonar. Målet er betre undervising i begge land.  

Kva er eigentleg didaktikk?

Studenterhytta
Studenterhytta I Nordmarka

Didaktikken er læra om korleis lære bort. Kva skal ei utdanning innehalde, og korleis skal innhaldet presenterast for studentar? Gjennom besøk hos kvarandre sine utdanningsinstitusjonar, får undervisarane frå Noreg og Polen no eit innblikk i korleis didaktikken, og rammene rundt han, kan vere lik og ulik på tvers av landegrenser.

Øvinga i skogen, som er utvikla på masterprogrammet i Kina-studiar, var ein av metodane polakkane vart kjende med. Ho skal fremje problemløysing og samarbeid i eit miljø utanfor klasserommet, der naturen kan frigjere positiv energi og god tenking.

I øvinga er prosessen fram til løysninga er like viktig som sjølve svaret. Det gjeld ikkje berre å produsere kunnskap, men og å sette i spill ulike kunnskaper og ressursar basert på eigen røynsle.

Ei framifrå undervising for alle

– Vi ønskjer å lære om korleis vi kan forsterke studentane si lyst til å utforske verda, ut frå deira akademiske evner, seier instituttleiar Piotr Garbacz ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier (ILN).

ILN var eitt av tre institutt som sa ja då Polens ministerium for høgare utdanning og vitskap tok kontakt med fem europeiske universitet, mellom anna Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Oslo. Spørsmålet var: Ønska dei å bli med på eit større EU-prosjekt, der målet var ei framifrå undervising?  

I tillegg til ILN som har vore hovudansvarleg, vart Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS) og Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk (ILOS) med på prosjektet.   

– Målet var ei betre undervisning for alle studentar, ikkje berre dei med eit spesielt talent, seier Piotr Garbacz.

Bilde frå Katowice: Undervisningsleiarane Annely Thomson, Christian Janss og Siren Leirvåg, Piotr Garbacz
Frå besøk i Katowice i Polen: Instituttleiar Piotr Garbacz, undervisningsleiarane Christian Janss,  Siren Leirvåg og Annely Tomson. Foto: Privat.

To forelesarar i staden for ein

Ein anna metode var samundervisning. Ikkje noko hokuspokus, berre to forelesarar i staden for éin. Metoden nyttast mellom anna i retorikkfaget ved Universitetet i Oslo og var heilt ny for polakkane, ifølgje undervisingsleiar Annely Tomson ved ILN.

– Poenget med samundervising er at førelesarane kjem med ulike vinklingar til stoffet. Den eine kan noko den andre ikkje kan. Fleire av dei som var på besøk vart superfascinerte av dette. Dei ønska å reise rett heim til Polen og undervise på denne måten, fortel ho.

Forstod ikkje kvifor honours har skapt debatt

Dei polske besøkande kunne også fortelje om ting frå sitt eige land som nordmennene hadde mindre erfaring med.

For eksempel starta HF hausten 2019 det såkalla honours-programmet, eit tverrfagleg bachelorprogram som rettar seg mot fagleg ambisiøse studentar. Dette er det første programmet av sitt slag i Noreg, men for polakkane var det gamalt nytt.

– Dette var ein type tverrfagleg undervising som dei  hadde halde på med lenge, seier Annely Tomson.

Programmet vart debattert i norske media sommaren 2019 fordi det rettar seg mot ei lita gruppe studentar. Denne debatten var det vanskeleg for polakkane å forstå, ifølgje Piotr Garbacz. 

– I Polen er dette heilt vanleg: Nokon kjem inn på eit program, andre ikkje. For deira del kunne vi like godt sagt at vi vurderte å skrote landslaget fordi ingen skal vere betre på ski enn andre, seier han.

Uformelt i Noreg, hierarkisk i Polen

Piotr Garbacz og Annely Tomson påpeikar at kulturelle skilnader har påverka høgare utdanning i begge land. Dette vart tydeleg då dei polske besøkande meinte at norske studentar var passive og deltok lite i undervisinga.

– Dei meinte at vi burde gje studentane karakter for munnleg deltaking i timen. Då ville dei bli tvungne til å delta. Hos oss har vi ei heilt anna tilnærming, som er prega av landet vi bur i. Vi oppmodar studentar til å vere aktive, men vi tvingar dei ikkje til det. Men kanskje bør vi stille høgare krav enn vi gjer i dag, seier Tomson.

Samtidig er relasjonsbygging noko som blir vektlagt på mange norske utdanningsinstitusjonar. Dette gjeld både forholdet til studentane og forholdet undervisarar imellom. Til dømes var det heilt nytt for polakkane å bruke fornamn i samtale med kollegaer. I Polen er systemet meir formelt og hierarkisk.

– Vi samarbeider også med kollegaer om undervisinga i langt større grad her i Noreg. Hos oss er dette eit pågåande arbeid som aldri tar slutt. I Polen bestemmer undervisaren det meste sjølv, utan å snakke med kollegaene, seier Tomson.

Treng at nokon stiller spørsmål

Prosjektleiar Piotr Garbacz er sjølv frå Polen, men har budd halve livet i Skandinavia. Han opplever det lærerikt å drøfte didaktikken med undervisarar frå heimlandet. 

– Vi blir utfordra til å tenkje på korleis det vi gjer, fungerer.  Vi treng at nokon utanfrå stiller desse spørsmåla om våre grunnleggande premiss, seier han.

«Mestere i didaktikk» er eit treårig prosjekt der 60 polske universitetslærarar og rundt 80 førelesarar ved ILN, ILOS og IKOS deltar. Undervisningsleiarane Annely Tomson, Christian Janss og Siren Leirvåg er ansvarlege ved sine respektive institutt. Prosjektet omfattar foredrag, seminar, observasjonar og rettleiing frå mentorar, i grupper og ein-til-ein.

Av Silje Pileberg
Publisert 31. okt. 2019 11:38 - Sist endret 1. nov. 2019 10:21