Petter Dass, torsk, skrei og sjømonster i Nord-Atlanteren

Ronny Spaans er tilsett som fyrsteamanuensis i nordisk litteratur ved ILN, UiO frå 1. mars i år. 23.3. presenterer han forskninga si for oss. 

Bildet kan inneholde: anlegg, økoregion, virveldyr, vann, font.

Sjøormen i Erik Pontoppidan, Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie (1752–53)

Presten og diktaren Petter Dass fører tankane over til Bibelen og ortodoksien på 1600-talet, men Petter Dass var òg naturhistorikar, i likskap med andre tidlegmoderne prestar, som Erik Pontoppidan. Eg vil fortelja om eit pågåande forskingarbeid, om Nordlands Trompet eller Beskrivelse over Nordlands Amt som eit naturhistorisk-topografisk verk, der fokuset ligg på ei interesse for nordnorske naturvedunder: fantastiske fjellformasjonar, sjøormen, Moskstraumen, osb. Eg vil vise korleis herr Petter introduserer ein rasjonell vitskapleg metode i observasjonen av naturfenomen og dermed avmytologiserer landskapet sitt for troll og monster. I løpet av føredraget kjem eg òg innpå andre tidlegmoderne topografar og naturforskarar, som Olaus Magnus og den nemnde Erik Pontoppidan. Men eg omtalar òg mindre kjende naturhistorikarar, som nederlendaren Adriaen Coenen og dansken Diderik Brinch. Observasjonane og refleksjonane deira gjev eit internasjonalt og kunnskapshistorisk perspektiv på Nordlands Trompet.

Publisert 14. mars 2023 14:42 - Sist endret 14. mars 2023 14:42