Instituttstyrets rolle og mandat

Instituttstyret er det øvste avgjerdsorganet ved instituttet. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet.

Rolle

Instituttleiar er styreleiar, og førebur sakene som skal behandlast. Administrativ leiar er styresekretær.

Alle møter i instituttstyret er opne.

Styret praktiserer ansvaret sitt basert på vedtak i universitets- og fakultetsstyret og innanfor dei lovene, forskriftene og reglane som til kvar tid gjeld.

Dei sakene styret vedtek, er regulerte i instituttets styrings- og administrasjonsreglement.

Styret vedtek

  • Årsplan og budsjett.
  • Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, som for eksempel strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet.
  • Rekneskap og årsrapport.
  • Interne organisering.
  • Innstilling ved tilsetjingar av instituttleiar og vitskaplege tilsette. Innstillinga blir behandla av fakultetsstyret, som har avgjerdsmakt ved tilsetjingar.

Val til styret

Dei fast tilsette vel sine representantar kvart fjerde år. Representantar for studentane og for midlertidig vitskapleg tilsette blir valde kvart år.

Ekstern representant blir oppnemnt kvart fjerde år av fakultetsstyret etter forslag frå instituttstyret.
 

Publisert 13. apr. 2011 10:06 - Sist endret 18. mai 2011 09:11