Vedtekter for Samarbeidsnemnda for namnegransking

(I samsvar med drøftingar på møte i Samarbeidsnemnda for namnegransking 19.3.1979, 21.11.1980, 24.10.1981, 19.11.1982. Vedtektene byggjer på dei nye reglane for nasjonale fagråd, vedtekne på møte i Det norske universitetsråd 26.5.1981)

Føremål og oppgåver

§ 1: Samarbeidsnemnda for namnegransking er eit samarbeidsorgan for universitet og høgskular. Nemnda skal gje rettleiing i faglege spørsmål, eller på eige tiltak ta opp saker på sitt eige arbeidsområde.

§ 2: Samarbeidsnemnda for namnegransking har som oppgåve å vurdera og uttala seg om spørsmål innan namnegransking. Samstundes verkar ho som eit opplysningsorgan for medlemsinstitusjonane og andre institusjonar, samskipnader og einskildpersonar.

Samarbeidsnemnda skal særskilt ta opp saker som gjeld:

- Samarbeid og oppgåvefordeling mellom institusjonane
- Innsamling, ekserpering og arkivering av materiale
- Byte av arkivmateriale
- Gransking
- Rekruttering
- Utgjeving
- Undervisning
- Langtidsplanar i namnegransking
- Internasjonalt samarbeid
- Namnebruken i samfunnet

Fråsegner frå Samarbeidsnemnda skal sendast til institusjonane som er representerte i det, til dei som har lagt saka fram for nemnda, eller til andre som det er naturleg å venda seg til.

Kopi av møtebøker og av fråsegner skal sendast til medlemsinstitusjonane og til generalsekretæren for Universitetsrådet.

Samansetjing og oppnemning

§ 3: Rett til å vera med i Samarbeidsnemnda for namnegransking har inntil vidare Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Trondheim, Universitetet i Tromsø, dessutan Møre og Romsdal distriktshøgskule og Rogaland distriktshøgskule. (Representasjonen frå distriktshøgskulane kan gå på omgang mellom andre DH-skular dersom dei kan visa til aktive namnegranskarmiljø).

Andre institusjonar kan få vera med dersom Samarbeidsnemnda vedtek det med minst 2/3 fleirtal.

§ 4: Kvart universitet nemner opp to medlemer til Samarbeidsnemnda for namnegransking. Frå distriktshøgskulane vert det valt til saman 2 representantar. For samisk namnegransking skal det veljast ein eigen representant etter framlegg frå Uralaltaisk institutt i Oslo og Institutt for språk og litteratur i Tromsø. Nordisk samisk institutt i Guovdageaidnu/Kautokeino har høve til å møta med ein observatør.

For alle dei faste representantane skal det veljast varareprepresentantar.

Rådet har inntil vidare 11 faste representantar og like mange vararepresentantar, dessutan 1 fast observatør.

§ 5: Representantane og vararepresentantane vert peikte ut for 3 år om gongen.

§ 6: Formann og nestformann i Samarbeidsnemnda for namne-gransking skal veljast mellom dei faste representantane. Valet gjeld for tre år i gongen.

§ 7: Samarbeidsnemnda for namnegransking skal ha eit arbeidsutval på tre. I tillegg kjem sekretær for utvalet.

For særskilde saksområde kan det skipast faste utval for stuttare eller lengre tid.

Arbeidsordning

§ 8: Nemnda kjem saman minst ein gong i året og dessutan når formannen eller arbeidsutvalet ynskjer det. Det skal haldast møte når minst 1/3 av representantane krev det.

Nemnda er vedtaksfør når minst 2/3 av representantane er til stades. Vedtak vert gjort med vanleg fleirtal. Når røystene står likt, er røysta til formannen avgjerande.

§ 9: Nemnda skal avgjera prinsipielle saker i plenum, men kan delegera mynde til arbeidsutvalet. Saker som høver til det, kan avgjerast ved brevskifte.

§ 10: Samarbeidsnemnda for namnegransking byggjer verksemda si på desse vedtektene, men kan sjølv gje utfyllande vedtekter.

§ 11: Endringar i desse vedtektene kan gjerast av Samarbeidsnemnda sjølv når minst 2/3 av representantane røystar for. Melding om vedtaksendringar skal sendast til dei institusjonane som er med i Samarbeidsnemnda.

 

Vedtektene er skanna inn frå papirkopi i arkivet ved Nordisk institutt, UiB.

Publisert 15. nov. 2016 15:50 - Sist endret 22. aug. 2022 13:01