Morsmålsdagen: norsk teiknspråk som morsmål

På årets morsmålsdag sette MultiLing fokus på norsk teiknspråk som morsmål. Kven har norsk teiknspråk som morsmål, kva rettar har dei, og kva treng framleis å bli gjort? Professor Arnfinn Muruvik Vonen frå Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) heldt årets Morsmålsdagsføredrag på Bymuseet.

Fullt hus på årets Morsmålsdagføredrag på Bymuseet

Fullt hus på årets Morsmålsdagføredrag på Bymuseet (foto: UiO)

Norsk teiknspråk er eit av Noregs eldste og største minoritetsspråk, og ein reknar med at rundt 16500 personar snakkar språket. Mange av desse er personar med nedsett høyrsel, men det er også mange slektningar og vener av døve som snakkar norsk teiknspråk, i tillegg til dei som har bruk for språket i arbeidet sitt.

Ei vanleg forståing av morsmålsbegrepet er språket eller språka som vi først tileignar oss, og som vi deler med resten av familien vår. Tradisjonelt sett har denne definisjonen passa best for døve born med døve foreldre, altså at borna veks opp i ein familie der norsk teiknspråk er fellesspråket, og det er forventa at borna sjølv kjem til å kunne bruke språket aktivt. Det er likevel berre omlag 5% av døve born som har døve foreldre, likeeins berre omlag 5% av born med døve foreldre som sjølv er døve. Det er altså få som faktisk har lært norsk teiknspråk berre gjennom overføring mellom generasjonar i familien, og det trengst difor lovfesta rettar og tilbod for å sikre at også døve born med høyrande foreldre og høyrande born med døve foreldre får moglegheit til å lære språket.


For døve born med høyrande foreldre har det dei siste to tiåra komme fleire konvensjonar og rettar, både nasjonalt og internasjonalt, som skal sikre rettane til opplæring i og på teiknspråk. Trass i dette er det framleis fleire utfordringar igjen før alle som har behov for det får ei fullverdig opplæring i norsk teiknspråk. Til dømes er ikkje høyrande born med døve foreldre omfatta av dei norske lovene som gir døve born rett på teiknspråksopplæring. Vonen peika også på at det er viktig at dei som skal undervise i teiknspråk har ein solid fagleg bakgrunn, at maktinstansar må få meir kunnskap om teiknspråk, og at kunnskapen om teiknspråk i samfunnet generelt må bli styrka. Høyrande elevar med døve med teiknspråksbakgrunn må få rett til teiknspråksopplæring, og norsk teiknspråk sin offisielle status må bli stadfesta i ei språklov.

Eit steg på vegen er nye deltidsstudium i teiknspråk på HiOA for lærarar tilsett i skulen, der deltakarane først får ei grunnleggande innføring i teiknspråk, og seinare kan bygge på denne kompetansen på neste kurs. Fleire av kursdeltakarane var også til stades på Morsmålsføredraget på Bymuseet.

Om Morsmålsdagen:

Den internasjonale morsmålsdagen vart erklært av UNESCO i 1999, og har blitt feira 21. februar kvart år sidan år 2000. Dagen blir markert for å fremje språkleg og kulturelt mangfald. Temaet for Morsmålsdagen 2017 var Mot berekraftige framtider gjennom fleirspråkleg utdanning. Les meir om Morsmålsdagen på FN sine nettsider  (ekstern lenke).

 

Om Arnfinn Muruvik Vonen:

Arnfinn Muruvik Vonen er professor ved Seksjon for teiknspråk og tolking ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Han interesserer seg for grammatikk, fleirspråklegheit, språkpolitikk og mykje anna.

Av Malene Bøyum
Publisert 22. mars 2017 10:44 - Sist endret 6. nov. 2018 11:04