English version of this page

Forskar meiner Covid-19 sparkar fart i diskrimineringsdebatten

– Pandemien har gjort kvite amerikanarar enda meir privilegerte, meiner lingvistikkprofessor Lourdes Ortega.

Tre unge jenter med munnbind går i demonstrasjonstog for Black Lives Matter

– Lenge har forskarar innan lingvistikk, psykologi og utdanning kunne seie at rasemotsetnader, det får andre forske på. No kan vi ikkje seie det lenger, seier Lourdes Ortega. (Foto: Thomas Elliott frå Alma, USA / CC0)

«Den kvite rases overlegenheit», engelsk «white supremacy», er ein skremmande terminologi, meiner Lourdes Ortega, professor i lingvistikk ved Georgetown University i Washington DC.

– Men denne overlegenheita har alltid eksistert. Ho pregar institusjonane våre, politikken vår, daglegliva våre, forholda våre til andre. Pandemien har gjort dette enda meir tydeleg, seier ho.

23. september 2020 skal ho snakke til norske fagfolk og andre interesserte i Einar Haugen-forelesinga, som vert halden kvart år av MultiLing-senteret ved Universitetet i Oslo. Der vil ho oppmode medforskarar til å tenkje nytt:

– Lenge har forskarar innan lingvistikk, psykologi og utdanning kunne seie at rasemotsetnader, det får andre forske på. No kan vi ikkje seie det lenger.

Vanskeleg for foreldre

Einar Haugen-forelesinga 2020

Lourdes Ortega skal halde førelesinga «Language Learning in a Post-COVID World» 23. september kl. 15.15–17.00. 

I USA viste pandemien tidleg at svarte og latinamerikanarar var meir utsette enn kvite. Dette er mellom anna fordi dei i snitt har dårlegare helsetilstand og lågare inntekt, samt at dei sjeldnare har råd til helseforsikring, ifølgje ein studie frå Kaiser Family Foundation.

Fleire, mellom anna organisasjonen The Economic Policy Institute, har dessutan peika på at folk frå desse gruppene oftare har jobb innan kritiske samfunnsfunksjonar og har mindre moglegheit til å jobbe heimanfrå.

Også heimeundervisinga av skuleelevar, som i USA framleis pågår, har synleggjort store skilnader, påpeikar Ortega.

– Foreldre må hjelpe barna sine med undervisinga. Men dei som manglar kunnskap om engelsk språk eller teknologi, kan oppleve dette som veldig vanskeleg.

Dårleg nett

Det er heller ikkje uvanleg at alle i ein familie deler på éi datamaskin. Ein del skular har hatt moglegheita til å sende med elevar pc-ar heim, for så å møte ei anna utfordring: mangel på god nettilgang. Organisasjonen The Pew Charitable Trusts er blant dei som har løfta fram dette som ei stor hindring for lik tilgang til utdanning under pandemien.

– I USA ser vi gjerne for oss at alle har internett heime. Men det er store forskjellar mellom folk. Mange har ikkje råd til internett, eller dei baserer seg berre på mobilnett. Blant desse er det mange fleirspråklege familiar, seier Ortega og legg til: 

– No blir det diskutert om nettilgang skal bli langt billegare, slik at alle kan få tilgang på det på linje med reint vatn.

Må tenkje nytt

Ortega er ein kjend lingvist som lenge har forska på læring av framandspråk. Dei siste åra har ho også kopla dette til sosiale forhold.

Ho meiner at Covid-19 har synleggjort eit behov for å tenkje nytt. Dette gjeld i høgste grad forskarar innan hennar eige felt, påpeikar ho.

– Når vi skal prøve å forstå fleirspråklegheit og fleirspråklege, er rasemotsetnader alltid viktig. Vi bør alle spørje oss korleis vi kan inkludere det i programma våre.

Sjølv har ho mellom anna spurt seg korleis ho kan gjere forskinga si mindre rasistisk og mindre blind for at raseelementet må takast på alvor.

– Særleg etter 2016 har eg vore opptatt av dette. Fleire store hendingar har påverka fleirspråklege minoritetar negativt, for eksempel Brexit og valet i USA, og no også pandemien.

Skryt versus språkforvirring

I ein studie frå 2019 viste Sofia Chaparro ved University of Colorado Denver korleis fleirspråklegheit og rasespørsmål heng tett saman. Her skriv ho mellom anna om to sju år gamle jenter, Zoe og Larissa. Zoe sin familie tilhøyrer den kvite middelklassa, medan Larissa har immigrantbakgrunn og tilhøyrer arbeiderklassa. Mor til Larissa er åleinemor for fire barn.

Begge jentene går på ein tospråkleg skule. Sjølv om Zoe har engelsk som morsmål og Larissa spansk, inntar Zoe ei tydeleg hjelperolle, også i spanskundervisinga. Dette støttar læraren til tider opp om.

Begge jentene krydrar morsmålet sitt med mange ord frå det andre språket. Zoe får skryt av læraren, som opplever at ho eksperimenterer med den nye spansken sin. Larissa blir læraren derimot bekymra for: Er ho språkforvirra? Held ho på å falle frå på skulen?

Mindre trygge

Ifølgje Ortega tar studien for seg «raselingvistikk»: teorien om at språk formar ideane våre  om rase, og omvendt. Dette er diskutert av forskar Nelson Flores ved The University of Pennsylvania

– Denne og mange andre studiar viser at enkelte barn blir sett på som mindre språkkompetente, uavhengig av kva dei faktisk gjer med språket sitt. Dei blir høyrde og sett gjennom ei rasefarga linse som fortel at barna ikkje snakkar godt nok, meiner ho.

Både barn og vaksne opplever at det ikkje berre er korleis du snakkar, men også korleis du ser ut, som er viktig, påpeikar Ortega.

– Dette gjer at mange fleirspråklege kjenner seg mindre trygge på seg sjølve. Viss du har budd i eit land i 30 år og framleis får spørsmål om kvar du kjem frå, er det lett å føle at du ikkje høyrer heime.

Ulik støtte

Ortega fryktar at Covid-19 forsterkar eksisterande skilnader mellom grupper, og at dette særleg går ut over fleirspråklege.

Ein kan for eksempel tenkje seg korleis Zoe og Larissa – dei to jentene frå Sofia Chaparro sin studie – vil oppleve heimeundervising på heilt ulike måtar, forklarer ho.

– Zoe sine foreldre har kanskje moglegheita til å jobbe heimanfrå. Dei har gode PC-ar og god internettilkopling. Samtidig har dei truleg den teknologikunnskapen som krevst for å hjelpe henne, seier Ortega.

Larissa er i ein annan situasjon, med tre søsken og ei åleinemor som snakkar lite engelsk. Kanskje har familien også dårleg nettilgang og lågare teknologikompetanse.

– Dei to jentene vil truleg oppleve ein stor forskjell i støtta heimanfrå. Dette vil påverke kva dei får ut av undervisinga.

To unge jenter sit ved eit kjøkenbord og gjer lekser.
Både barn og vaksne opplever at det ikkje berre er korleis du snakkar, men også korleis du ser ut, som er viktig. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Små omsetjarar

Kanskje vil Larissa også måtte bruke tid på å setje seg inn i Covid-19-problematikk og forklare dette for mor si, noko mange minoritetsbarn opplever, ifølgje forskarar som Belem López ved University of Texas, Austin.

Både tilgangen på informasjon og familiens inntektsnivå vil påverke kor utsette dei er for smitte, legg Ortega til. Problemstillingane blir berre enda større og meir komplekse på grunn av språkspørsmål, meiner ho.

– Skal vi forskarar kunne bidra til å løyse denne typen utfordringar under pandemien, er vi nøydde til å endre forskinga vår.

For eksempel kan forskarar undersøkje korleis undervisarar på nettkurs kan bidra til å styrke folks teknologikunnskap samtidig som dei får undervising i faget sitt, foreslår Ortega.  

– Pandemien er ei kolossal global krise. Dette gjeld ikkje berre USA: Alle stader i verda er det fleirspråklege vaksne og barn som opplever konsekvensane av skilnader innan helse, digital tilgang og raseproblematikk.


Einar Haugen-førelesinga 2020: «Language Learning in a Post-COVID World», skal haldast 23. september kl. 15.15–17.00 (norsk tid). 

Meld deg på arrangementet på Facebook.

Av Silje Pileberg
Publisert 14. sep. 2020 14:51 - Sist endret 1. nov. 2022 10:52