Professor Jakob Lothe er nytt medlem i USA sitt eldste vitskapsakademi

Berre åtte nye internasjonale medlemmer vert innlemma i akademiet  denne våren. – Eg kjenner meg både takksam og audmjuk over ei slik verdsetjing av forskinga mi. Det var ei stor overrasking og er veldig motiverande, seier Lothe.

American Philosophical Society vart stifta av Benjamin Franklin i 1743. Akademiet sitt mål er å sikre ein arena for fri utveksling av idear, grunngitt i overtydinga om at intellektuell nysgjerrigheit og kritisk tenking er grunnleggjande til folkets beste.

Nolevande norske medlemmer er Gro Harlem Brundtland, Jon Elster, May-Britt Moser og Edvard Moser.

Har utmerka seg internasjonalt

– Eg vil rette ein varm gratulasjon til professor Jakob Lothe som med dette blir Norges tolvte medlem nokon gong i American Philosophical Society. Dette er ein særs eksklusiv foreining av personar som har utmerka seg internasjonalt i akademia, og UiO har endeleg fått eit medlem av same akademi som Benjamin Franklin. Lothe er ein av berre åtte ikkje-amerikanarar som er funne verdige i år så dette er stort, seier rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen.

Jakob Lothe har vore professor i engelskspråkleg litteratur ved institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk ved UiO i 25 år. Han er òg leiar av Det Norske Videnskaps-Akademi sin menneskerettskomité. Komiteen arbeider for å støtte forskarar som møter hindringar i arbeidet sitt.

Vanskeleg situasjon for mange

– Det er viktig å støtte forskarar no blant anna i Tyrkia, der situasjonen har vorte særs vanskeleg i seinare år. I fleire land blir forskarar fengsla eller torturerte fordi myndigheitene ser dei som farlege. Dette har gjort meg meir merksam på kor heldige vi er som får forske i Norge, seier Lothe.

Professor Lothe har sjølv forska på modernistisk litteratur, særleg forfattaren Joseph Conrad, men også Virginia Woolf, James Joyce og Franz Kafka. Han er i tillegg oppteken av fiksjon og film og av dokumenterande forteljing, blant anna forteljingar til kvinnelege tidsvitne frå Holocaust. Han har òg vore engasjert i debatten om etikk og «virkelighetslitteratur» gjennom si bok «Etikk i litteratur og film» frå 2016.

– Humaniora er i dag under press, ikkje minst i USA. Sett i dette perspektivet er anerkjenninga som American Philosophical Society gir bidraga mine til humanistisk forsking spesielt oppmuntrande, seier Lothe.

Lothe har i mange år medverka til å lage og utgje bøker i samarbeid med andre forskarar, både som redaktør og medforfattar. For tida er han gjesteforskar ved universitetet i Oxford.


Om American Philosophical Society

American Philosophical Society har sete i Philadelphia, Pennsylvania, og er det eldste akademiske selskap i USA. Det vart stifta i 1743 av Benjamin Franklin med det formålet å “fremme nyttig kunnskap og viten.”

Akademiet samlar leiande akademikarar, vitskapsfolk og andre markante skikkelsar frå samfunnsliv, næringsliv, kultur og politikk.

Akademiet har også eit forskingsbibliotek med manuskript og andre internasjonalt anerkjente samlingar.

Tidligare norske medlemmer:

C. W. Boeck 1870
Fridtjof Nansen 1897
Waldemar C. Broegger 1899
Johan Hjort 1939
Otto L. Mohr 1948
Ragnar A. Frisch 1970
Stein Rokkan 1978

Andre internasjonale medlemmer innvalde i 2018:

Rosalie Silberman Abella
Jean Dalibard
Christopher Martin Dobson
Avishai Margalit
Orhan Pamuk
Rudolf K. Thauer
Robin A. Weiss

Av Ellen Evju Jahr
Publisert 26. juni 2018 12:01 - Sist endret 25. mai 2023 11:15