English version of this page

Å lengta etter eit språk

Mange samar, kvener og skogfinnar opplever ei sorg over å ikkje meistra språket som knyter dei til sitt eige folk. Fleire prøver no å ta språket sitt tilbake.

Fire barn sitter ved hver sin skolepult. De ser rett frem. Svart/hvitt foto.

FORNORSKING: Frå 1850-talet til 1960-talet førte Noreg ein målretta fornorskingspolitikk retta mot urfolk og nasjonale minoritetar. Deira språk og kultur skulle motarbeidast og erstattast av norsk språk og kultur. Biletet viser samiske barn på ein internatskule i Karasjok i 1950. Undervisninga var på norsk. Foto: Sv. A. Børretzen via NTB. 

– Mange sørgjer over språket dei ikkje fekk lære, men dei opplever også at dei burde kunne det, fordi urfolks- og minoritetsspråk er så tett knytt til historia deira. Mange er og redde for å bli retta på av dei som snakkar språket flytande, seier språkforskar Pia Lane

Lane var ein av medlemmene i Sannhets- og forsoningskommisjonen som i 2023 la fram sin rapport for Stortinget. Kommisjonen hadde i oppgåve å granska kva konsekvensar fornorskingspolitikken har hatt på samar, kvener og skogfinnar. 

Rapporten peikar mellom anna på viktigheita av språk som identitetsmarkør og kulturberar. Ein del av mandatet var å bringa personlege erfaringar og historier fram i lyset, og fleire av dei unge som delte historia si, brukte ordet «språksorg».

– Mange vaksne og ungdommar opplever språksorg, det vil seia eit sakn etter eit språk dei aldri fekk læra seg, og lengten etter eit språk dei kan identifisera seg med og som knyter dei til slekta, heitar det i rapporten. 

Men det skjer ting no, påpeikar Lane. 

– Mange lærer seg samisk eller kvensk og begynner å bruke språka aktivt heime.   

Ho meiner dessutan at det har ein sterk signaleffekt at det var landets øvste politiske organ, Stortinget, som bestilte kommisjonen sin rapport.

– Vi som var i kommisjonen, opplever i dag at vi blir inviterte av statsforvaltarar og organisasjonar for å snakke om rapporten. Mykje er på plass i lovverket allereie, til dømes når det gjeld rett til språkopplæring, men det verkar ikkje alltid i praksis. Viss statsforvaltarar forstår at dette er viktig, er det håp om endring. 

En gruppe mennesker står oppstilt på en trapp. Foto
KOMMISJONEN: Sannhets- og forsoningskommisjonen framfor Stortinget. Foto: Stortinget.

– Morsmålet deira var verdilaust 

Lane har sjølv kvensk og samisk bakgrunn og vaks opp med foreldre som begge var kvenar, men som aldri snakka kvensk til henne. Ho forstod mykje men sa ikkje eit ord på kvensk før ho var 14 år. Først i vaksen alder bestemte ho seg for å ta språket tilbake. 

Mor hennar har sagt at dei gjorde det dei trudde var best for henne. I samband med doktorgraden sin, reiste Lane til heimstaden Bugøynes og intervjua menneske frå same generasjon som foreldra. Ho fann at mange tenkte på same måten. 

– Dei fortalde meg at det var skamfullt å snakke kvensk på skulen. Difor prøvde dei å snakke norsk til barna sine så godt dei kunne. 

Men norsken deira var ikkje «riktig» norsk, og i møte med offisielle institusjonar, som utdanningssystemet, opplevde mange ei slags dobbel skam, utdjupar ho. 

– Morsmålet deira var verdilaust, og det einaste dei kunne gjere, var å prøve å erstatte det med eit språk dei ikkje meistra. 

Ei stille som blir vidareført 

Fornorskingspolitikken går langt tilbake. Frå cirka 1850 og utover var det eit mål for den norske staten å gjere samar og kvenar norskspråklege. Ein fekk vegleiarar for skular der kvensk og samisk berre var tillatne som støttespråk og når det var absolutt nødvendig. 

Dette var offisiell norsk politikk heilt fram til 1959, då Regjeringa opna for undervising på samisk. Det tok likevel mange år før dette vart offisiell praksis. 

I bokkapitlet «The South in the North: Colonisation and Decolonisation of the Mind» frå 2023 skriv Lane om korleis det å ha opplevd å bli stilna, gjer at ein forstår seg sjølv og verda på ein måte som ein vidarefører til barna sine, sjølv om fornorskingspolitikken eigentleg ikkje er der lenger.   

Her ser ho parallellar mellom kolonisering av sørlege land og politikken som er blitt ført overfor samar og kvenar i Noreg. Dette var eit perspektiv sørafrikanske forskingspartnarar oppmoda henne til å ta.  

Eit traume som blir vekt til live igjen

– I arbeidet mitt opplevde eg at dei teoriane eg hadde fekk meg til eit visst punkt, men eg klarte ikkje å forklare korleis urfolk hadde tatt ulike verdssyn og gjort dei til sine eigne. Eg klarte heller ikkje å forklare kvifor desse verdssyna dukkar opp att når vi skal prøve å ta tilbake det vi har mista, fortel Lane. 

Utanlandske kollegaer kalla det arret etter koloniseringa

– Det handlar om eit traume, eller ei smerte, som vi har blitt påført, og som kan bli vekt til live igjen i revitaliseringsprosessar. 

I dag er «avkolonisering» eit omgrep Lane ofte nyttar i forskinga si. For éin ting var at den norske staten bygde internatskular for kvenske og samiske barn og kontrollerte tilgang til jord i nord. 

Ein annan ting var at staten sin tankegang flytta inn i hovuda til folk. «Den mest verknadsfulle koloniseringa var av sinnet, av språket og måten vi kan tenkje på,» har Lane tidlegare uttalt til forskingsmagasinet Apollon

En middelaldrene kvinne med briller og lyst år. Ser rett frem. Foto.
SPRÅKFORSKAR: Professor Pia Lane forskar på urfolksspråk og har sjølv kvensk og samisk bakgrunn. Men det tok tid før ho begynte å vere personleg i det ho skreiv. – Det at mine foreldre og besteforeldre hadde blitt stilna, prega også meg, seier ho. Foto: Silje Pileberg. 

Forstod ikkje eigne reaksjonar 

Då ho sjølv bestemte seg for lære kvensk i vaksen alder, snakka ho både engelsk og fransk flytande. 

– Det var likevel annleis å begynne å snakke kvensk. Eg følte meg sårbar og usikker. Det var mykje eg ikkje forstod av eigne reaksjonar.

Førebels kan ho ikkje forklare fullt ut kvifor det var slik. 

– Men eg trur det handla om arret etter koloniseringa. Mine besteforeldre og foreldre vaks opp med eit storsamfunn som ikkje tilla kvensk og samisk kultur verdi. Ein stor del av det dei var, vart stillegjort og usynleg. Dette er ei slags stille smerte som kan bli vekt til live igjen. 

I dag er det nettopp dette Lane forskar på: I prosjektet Urfolks språklige resiliens: Fra innlærere til språkbrukere, undersøkjer ho og kollegaene revitalisering av språk: Dei spør kvifor, og på kva måtar, nokon går frå å lære eit språk til å bli aktive språkbrukarar over tid. 

Heidra for forskinga si

Tidlegare i år vart det klart at Lane blir tildelt den prestisjetunge Fridtjof Nansens påskjønning for framifrå forsking. Prisen blir gitt til forskarar som har levert vitskaplege bidrag av internasjonal betydning på svært høgt nivå.

I innstillinga frå komiteen står det mellom anna: 

– Lanes forsking er internasjonalt anerkjend og har stor forskingsmessig impact på fagfeltet. I tillegg har forskinga hennar stor praktisk og politisk betydning. Her kan innsatsen hennar som sentral medlem i Sannings- og forsoningskommisjonen framhevas.

Då ho fekk e-posten om at ho ville bli tildelt belønninga, trudde Lane først at dei ville spørje henne om å vere i komiteen. I staden var den prestisjetunge prisen tiltenkt henne. 

– Det tok lang tid før eg klarte å fordøye det. Det var så overveldande. 

Medaljen ho får, er godkjent av H.M. Kongen som offisiell norsk dekorasjon

– Mitt viktigaste bidrag er at eg har vore med på å setje urfolksspråk og minoritetsspråk på agendaen både nasjonalt og internasjonalt. Eg har følgt feltet i 25 år. Men slikt gjer ein ikkje åleine. Dette er eit arbeid eg har gjort saman med kollegaer, seier Lane. 
 

Om Pia Lane og forskinga hennar

Pia Lane er professor i fleirspråklegheit ved MultiLing - Senter for fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo. Ho er og «Academic Chair» for «The Circle U. Multilingualism, Interculturality and Language Lab».

Ho har forska på fleirspråklegheit frå ei rekkje teoretiske perspektiv, først og fremst med utgangspunkt i data frå kvenske og samiske område i Nord-Noreg. For tida forskar ho hovudsakleg på språkrevitalisering, språkpolitikk og standardisering av minoritetsspråk.

Lane var medlem av den norske Sannhets- og forsoningskommisjonen, ein parlamentarisk granskingskommisjon som skulle granska fornorskingspolitikk og urett mot samar og kvener/norskfinnar og foreslå tiltak for framtidig forsoning. Kommisjonen leverte rapporten sin til Stortinget i juni 2023.

Interessert i forsking frå Det humanistiske fakultet?

Meld deg på det månadlege nyheitsbrevet vårt!

Av Silje Pileberg
Publisert 24. apr. 2024 14:58 - Sist endret 24. apr. 2024 15:19