Styrets rolle og mandat

Instituttstyret er instituttets øverste beslutningsorgan. Styret vedtar overordnede mål, prioriteringer og strategier for instituttet.

Instituttstyret er det øvste avgjerdsorganet ved instituttet. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet.

Instituttleiar er leiar i styret, og førebur sakene som skal behandlast. Administrativ leiar (eller den oppgåva er delegert til) er sekretær.

Alle møter i instituttstyret er normalt opne. Styret kan lukke møtet i nokre saker, slik at berre styremedlemmer og sekretær er til stades.

Styret praktiserer ansvaret sitt basert på vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lovene, forskriftene og reglane som til kvar tid gjeld.

Saker

Dei fleste sakene styret behandlar er regulerte i styrings- og administrasjonsreglementet ved instituttet

Styret behandlar

  • Årsplan og budsjett.
  • Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, nedfelt i langtidsplanar, som for eksempel strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet
  • Godkjenning av rekneskap og årsrapport er eit av instrumenta styret har for å følgje opp verksemda.
  • Ved tilsetjingar av instituttleiar innstiller styret kven som bør tilsetjast. Innstillinga blir behandla av fakultetsstyret, som har avgjerdsmakt ved tilsetjingar.
  • Innstillingar til faste og midlertidige faglege stillingar blir gjorde av Innstillings- og tilsettingsutvalet ved instituttet. Innstillinga blir behandla av tilsetjingsutvalet ved fakultetet (TUV), som har avgjerdsmakt ved tilsetjingar.
Publisert 13. apr. 2011 11:46 - Sist endret 30. juni 2023 11:41