English version of this page

Ny forskar på MultiLing

Pernille Hansen er ny forskar på prosjektet MultiLing Dementia. Ho har vore på senteret ei stund, så no ønskjer vi henne velkomen til eit nytt og spennande prosjekt!

Pernille Hansen (foto: Nadia Frantsen)
Foto: Nadia Frantsen

Pernille Hansen starta denne veka som forskar tilknytta flaggskipsprosjektet MultiLing Dementia. Prosjektet skal sjå på språklege, kognitive og sosiale verknader av Alzheimers sjukdom hos fleirspråklege, og ein søkjer òg å finne ut korleis vi kan hjelpe fram god kommunikasjon mellom desse individa og menneska rundt dei. Pernille går til jobben frå stillinga som gjennomføringsstipendiat ved MultiLing. I doktorgradsavhandlinga si undersøkte ho mellom anna korleis eigenskapar ved ord samla i databasen Ordforrådet påverkjer ordforrådet hos born, og i MultiLing sitt demensprosjekt vil ho mellom anna forska vidare på ordforrådet gjennom å sjå på korleis slike eigenskapar påverkjer leksikalsk prosessering hos fleirspråklege med Alzheimers sykdom.

Av André Nilsson Dannevig
Publisert 20. jan. 2017 11:20 - Sist endret 27. okt. 2017 13:18