English version of this page

Masterstipend ved MultiLing 2021

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) lyser i år ut tre MA-stipend à kr 15 000.

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Kven kan få stipend?

Stipenda går til tre studentar som skriv om eit emne som fell innanfor eitt av temaområda for MultiLing: fleirspråkleg kompetanse, fleirspråkleg praksis og fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk.

Søknaden må innehalde

  • Ei kort skildring av prosjektet der det blir gjort greie for problemstilling, forskingsspørsmål og metode (maks 3 sider). Det må også gå fram kor langt studenten er komen i arbeidet med MA-oppgåva
  • Karakterutskrift frå BA og frå MA-kurs studenten har tatt
  • Tilråding frå rettleiar
  • Søknaden kan skrivast på norsk eller engelsk

For å kunne søke på stipenda må ein vere student ved Universitetet i Oslo, og skulle levere masteroppgåve hausten 2021 eller våren 2022.

Søknadsfrist er 1. oktober 2021. Søknaden skal sendast elektronisk (pdf) til Anne Charlotte Lindblom 

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte: Elizabeth Lanza eller Anne Charlotte Lindblom

Av Anne Charlotte Lindblom
Publisert 1. sep. 2021 09:54 - Sist endra 1. sep. 2021 09:55