English version of this page

Møt dei nye leiarane for MultiLing

Etter sju år som nestleiar har Unn Røyneland rykt opp som leiar for MultiLing. Ingebjørg Tonne er ny nestleiar. Her fortel duoen om ambisjonane for senteret, om vilkåra for framifrå forsking og om å ta vare på koronaisolerte doktorgradsstudentar.

Ingebjørg Tonne, Unn Røyneland og Anne Charlotte Lindblom-Rosén sitter smilende på en rød sofabenk

Photo: Oda Hveem/UiO. Fra høyre: Ingebjørg Tonne, Unn Røyneland og Anne Charlotte Lindblom-Rosén.

Samtidig som nyårsrakettane fauk til vêrs i ingenmannslandet mellom 2021 og 2022, tok Unn Røyneland og Ingebjørg Tonne over som leiar og nestleiar for MultiLing. Duoen varslar ingen revolusjon med krutrøyk og radikal omvelting i styre og stell, men lovar tvert i mot å halde på oppskrifta som har gjort senteret til ein suksess.

Dei er perfekt samstemde om at MultiLing har levert i tråd med ambisjonane som ga status som Senter for framifrå forsking (SFF) i 2013:

- Senteret har vore avgjerande for etableringa av fleirspråklegheit som eige fagområde med gode forskingsressursar. Vi har levert mykje framifrå forsking på feltet og blitt ein aktør å rekne med i det internasjonale fagmiljøet. Og så har vi sørgt godt for etterveksten gjennom rettleiing av flinke doktorgradsstudentar og etablering av ein internasjonal mastergrad i fleirspråklegheit, der første kull startar hausten 2022. Senteret er dessutan ein viktig premissleverandør for debattar om språkpolitikk og språkopplæring, summerer dei opp.

Tverrfagleg samarbeid står sentralt

På spørsmål om kva som er dei viktigaste ingrediensane i suksessoppskrifta, trekker Røyneland tvert fram tverrfagleg samarbeid som ein nøkkel til forsking av det framifrå slaget.

- Då tenker eg ikkje på den typen tverrfagleg samarbeid der ein sit på kvar si tue og gjer kvar sine ting som vert sydd saman etterpå. Eg snakkar om å skape reelt og praktisk samspel mellom flinke folk som forskar på fleirspråklegheit med svært ulike innfallsvinklar og metodar. Då vert forskinga rikare, fordi ein lærer av kvarandre undervegs.

I tillegg til å sikre ekstern finansiering av fleire tverrfaglege prosjekt, er det eit viktig mål for den nye leiinga at senteret opprettheld posisjonen som ein attraktiv partnar internasjonalt. 

- I dag er det mange som gjerne vil forske saman med oss, vi har mellom anna eit omfattande samarbeid med Sør-Afrika. Folk frå heile verda søker om jobb og stipend her, og vi opplever at dei som har vore her, er attraktive for mange utanlandske institusjonar etterpå. Denne internasjonale orienteringa og dette internasjonale samspelet er det viktig å føre vidare, seier ho.

Forskarar som har det godt, leverer god forsking

Eit godt arbeidsmiljø er minst like viktig, ifølgje leiarduoen.

- Vi trur folk leverer best forsking når dei trivst og har det godt. Det norske systemet er i seg sjølv meir «humant» enn akademia i mange andre land, men senteret har også jobba veldig bevisst med å ta vare på folk. Nytilsette og nye doktorgradsstudentar får ein eigen «buddy», vi har internasjonale mentorar, og ferdige doktorandar får hjelp til å søke jobb. Vi har mange «alumniar» der ute som vi er stolte av, seier Røyneland.

Etter to år med pandemi og unntakstilstand i akademia, ser Tonne behov for å bruke ekstra energi på doktorgradsstudentar og postdoktorar framover:

- Mange av desse er innom senteret i ein avgrensa periode og har i tillegg vore i tilnærma koronaisolasjon i ein viktig og på mange måtar spesiell periode i livet sitt. Eg trur vi i leiinga skal vere ekstra observante framover på behov i denne gruppa og legge til rette for at resten av perioden deira ved senteret vert så god som mogleg.

Skal ikkje ri inn i solnedgangen

Med midlar for ti år frå Forskingsrådet og oppstart i 2013 er det lett å rekne seg fram til at statusen som SFF snart er ein saga blott. Tonne og Røyneland vil likevel ikkje snakke om å ri inn i solnedgangen eller om å gå ned med flagget til topps.

Årsaka er sjølvsagt at den fleirspråklege satsinga på senteret ikkje skal dra nokon stad som helst. Den skal halde fram, riktig nok med litt anna organisering, som ein del av Institutt for lingvistiske og nordiske studiar (ILN). Tonne fortel at dei allereie er godt i gang med innfasinga:

- Ein vellukka prosess handlar nok mykje om kommunikasjon og openheit, og der trur eg det meste ligg godt til rette. Målet må vere å finne samarbeidsformer og strukturar som let oss utnytte ressursane på en måte som kjem alle til gode.

Å leie etter Lanza

Røyneland har tatt over etter Elizabeth Lanza, som leia senteret frå starten i 2013 til i fjor, då ho vart professor emerita. Røyneland er full av lovord om forgjengaren:

- Elizabeth er ei internasjonal stjerne innan fagfeltet og var avgjerande for at senteret fekk SFF-status. Ho var også viktig for at vi kunne tiltrekke oss samarbeidspartnarar og tilsette frå andre land.

Elles røper Røyneland at ho kjenner seg godt førebudd til å aksle leiartrøya. 

- Eg har arbeidt tett med Lanza i mange år, både som nestleiar for senteret og tidlegare som leiar for ei av dei tre tematiske hovudsatsingane våre. Dessutan har leiinga av senteret aldri vore eit «one woman show», det har alltid vore eit sterkt team som har dratt i lag og tatt viktige avgjerder saman, seier ho.

Om dialekt og norsk som fagspråk

Røyneland er professor i nordisk språkvitskap og har mellom anna jobba mykje med dialektar.

- Det er flytande grenser mellom dialektar og språk, og desse grensene er like mykje bestemt av politikk, kart og makttilhøve som av lingvistikk. Om Jämtland og Herjedalen framleis hadde vore norske regionar, ville vi tenkt på språket der som norske dialektar, og ikkje som svensk, seier ho.

Ho har også studert nye måtar å snakke norsk på i fleirspråklege bymiljø, såkalla multietnolektisk norsk eller «kebabnorsk», og er no i gang med eit større prosjekt om korleis unge skriv på sosiale medium. I begge tilfella ser ein at ungdommen tek i bruk eit stort, variert og kreativt språkleg repertoar.

Å seie at Røyneland er interessert i språkpolitikk er inga overdriving. Kjem til dømes temaet internasjonalisering på bordet, er ho ikkje vond å be.

- Internasjonalisering gjer sjølvsagt norsk akademia rikare, men samstundes byr det på utfordringar. Eg tenker særleg på anglofiseringa av forskingsspråket. Det er vanskeleg å oppretthalde norsk som fagspråk når det nesten ikkje finst insentiv for å skrive norsk, medan artiklar i engelske tidsskrift lettare gjev full pott i tellekantsystemet. Det er viktig for det norske språket at vi vidareutviklar og bruker norske fagtermar, men allereie i dag er dette avhengig av eldsjeler i enkelte fag. Eg meiner det må vere eit institusjonelt ansvar. Endar vi opp med å berre skrive engelsk, vil vi alltid spele på bortebane, sidan nordmenn som skriv engelsk, nesten per definisjon vil skrive dårlegare enn dei som har engelsk som førstespråk, seier ho.

Spansk er ikkje berre spansk

Røyneland har alltid vore interessert i språk, og etter å ha knekt kodane på engelsk og tysk, reiste ho til Mexico som utvekslingsstudent på 1980-talet. Der vart ho kasta ut i det hos ein vertsfamilie som berre snakka spansk. Ho fekk verkeleg kjenne på det å vere vaksen og berre kunne uttrykke seg som eit barn. Det er garantert mange innvandrarar i Noreg som kjenner seg igjen. Røyneland fekk vondt i kjeven og tunga etter all eksersisen for å bli vaksen på nytt.

Etter å ha lært spansk «the Mexican way», dro Røyneland til Salamanca i Spania og eit av dei eldste universiteta i verda. Der var det «our way or no way» som gjaldt. På universitetet i Salamanca forvaltar dei den språklege spanske gullstandarden – i alle fall meiner dei det sjølve – og ein professor i språkhistorie heldt seg biletleg for nasen då Røyneland snakka a la mexicana. Ho lærte seg spansk «the Salamancan way» og reiste tilbake til Mexico. Der venta det ikkje ståande ovasjonar.

- Du kan seie at det var slik eg oppdaga dei ofte skjulte samanhengane mellom språk, identitet, ideologi, makt og undertrykking, seier ho.

Gleda ved grammatikken

Tonne er professor i nordisk språkvitskap og norsk som andrespråk. Ho har forska og undervist i mange år i lærarutdanninga på det som i dag er OsloMet. I 2014 vart ho tilsett ved ILN og sidan 2017 har ho arbeidt på MultiLing.

Der ein del skuleelevar får frysningar på ryggen når læraren seier grammatikk, snakkar Tonne med begeistring om mønstra og reglane som strukturerer eit språk. Det er ikkje utan grunn at ho tok doktorgrad i kontrastiv grammatikk.

- Det handlar svært kort fortalt om å samanlikne grammatikkane i ulike språk og bruke kunnskapen om det eine for å gjere det lettare å lære det andre, seier Tonne. Ho fortel at om ein vietnamesar skal lære seg norsk, kan det kome godt med for læraren å vite at vietnamesisk ikkje har bøying i tempus; altså i tid. På norsk, og i mange andre germanske språk, uttrykker vi tempus med verbbøying. På norsk seier vi at «det sit ein katt på trappa» og i går «sat han der».

- På vietnamesisk – og mange andre språk –  må plassering av hendingar i tid uttrykkast på ein annan måte, til dømes med tidsadverb som «no», forklarer Tonne.

Frå kognitiv vitskap til folkeopplysning

I studietida vart Tonne opptatt av kognitiv vitskap og samspelet mellom språk, læring, psykologi og informasjonsteknologi. Seinare har det gått meir i grammatiske kontrastar og grammatikk som fundament for lese- og skriveopplæringa i skulen.

I tillegg til å lære opp dei som skal lære bort – altså lærarane – har Tonne også gjort seg skuldig i direkte folkeopplysing og har gjeve ut fleire populærvitskapelege bøker om språk.

Går det ikkje i språk, går det gjerne i trening, ofte løping og helst oppoverbakkar. Då blir tankane klårare. Til dømes tankane om kor viktig morsmålet er for identitet og språklæring – og kor sårbare vi alle er i situasjonar der vi ikkje får bruke morsmål, men er i prosess med å lære andre språk.

 

Av Øystein Rygg Haanæs
Publisert 7. mars 2022 22:27 - Sist endret 23. mars 2022 16:06