Ei rik og interessant historie

Institutt for musikkvitskap (tidlegare Institutt for musikk og teater) har ei rik og interessant historie. Vi kan spore den heilt tilbake til 1913 då den første disputasen i musikkvitskap vart halden i Noreg.

Foto: Kine Selbekk Ottersen

Georg Reiss stod for det første doktorgradsarbeidet innan musikkvitskapdisiplinen i Noreg. Han disputerte med avhandlinga Musiken ved den middelalderlige Olavsdyrkelse i Norden i 1913, kring hundre år etter at Universitetet i Oslo opna. I 1922 vart O. M. Sandvik den andre i Noreg med ein doktorgrad i musikkvitskap etter at han disputerte med si avhandling Norsk folkemusikk, særlig østlandsmusikken. Den første magistergrada kom først etter nokre år då Olav Gurvin i 1928 ferdigstilte magisteravhandlinga Norsk programmusikk. Gurvin gjekk vidare med musikkforskinga og i 1938 forsvarte han doktoravhandlinga Frå tonalitet til atonalitet, om Fartein Valen sin musikk. Knappe ti år seinare - i 1947 - fekk Gurvin det første dosenturet i musikkvitskap og var med dette også den einaste tilsette innan disiplinen på denne tida.

Finn Benestad starta musikkstudiane sine i 1948, og var eksamenskandidat i desember året etter. Benestad skulle spele ei sentral rolle i musikkvitskapen i Noreg. I 1953 vart heile fem studentar uteksaminert, deriblant Benestad med magisterarbeidet Johan S. Svendsens violinkonsert i A-dur op. 6. En kritisk studie med en innledning om hovedpunktene i violinskonsertens historiske utvikling til 1870, og Nils Grinde med magisteravhandlinga Halfdan Kjerulfs klavermusikk.

Musikkvitskap som fag byrja å ta form, og i 1956 vart Gurvin den første professoren i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Ønsket om og behovet for eit eige institutt vart stadig meir gjeldande, og få år etter starten på professoratet sitt, vart Gurvin første instituttleiar ved Institutt for musikkvitskap i 1958. Stadig fleire tok eksamen ved instituttet. I 1962 hadde instituttet 23 eksamenskandidatar, og det påfølgjande året heile 90. I 1963 fekk instituttet tilhald på Blindern.

Dag Schjelderup-Ebbe vart ny professor og leiar ved IMV i 1965 etter å ha vore tilsett der i eitt år. Også Arnfinn Øien, Babben Lavik og Eline Nygaard Riisnæs vart tilsette ved instituttet i 1966. Fire år etter kom Jon-Roar Bjørkvold til IMV, som skulle vise seg å vere ein viktig aktør for musikkvitskapen. I 1971 vart IMV midlertidig flytta til Chateau Neuf på Majorstua. Dei påfølgjande åra var merka av spennande og viktige nytilsettingar, blant andre Arvid Vollsnes og Sigvald Tveit innan høvesvis musikkhistorie og satslære.

Omsider fekk endeleg Institutt for musikkvitskap tilbake tilhaldet sitt på campus i 1999. IMV vart flytta til eit restaurert ZEB-bygg på Nedre Blindern - der det største musikkvitskaplege miljøet i Norden framleis held til.

Av Mari Paus
Publisert 26. feb. 2014 17:08 - Sist endret 1. juni 2017 08:11