Tildeling av rettleiar til masteroppgåver ved ILN

Tildeling av rettleiar

Rutina for tildeling av rettleiar varierer ut frå kva program du studerar.

På følgende studieretningar er tildeling av rettleiar hovudsakleg knytt til spesifikke emne i masterstudiet:
 

Har du ikkje fått tildelt rettleiar gjennom eit av dei obligatoriske emna?

Om du har vore på utveksling eller på anna grunnlag har fått fritak frå emnet, og difor ikkje har fått tildelt rettleiar, kan du melde inn behovet via nettskjema. 

På følgjande studieretningar/program skjer tildeling av rettleiar via nettsskjema:

  • Nordiske studium
    • Nordisk språkvitenskap
    • Norsk som andrespråk
  • Lingvistikk
  • Ibsen studies
  • Viking and Medieval Studies
  • Multilingualism

Lenke til nettskjema finner du her. Frist for innsending av nettskjema er 1. juni

Oversikt over moglege rettleiarar fordelt på fagområde

Mot slutten av semesteret vil fagkoordinator og fagmiljø saman godkjenne og fordele prosjekta, og de vil få melding om godkjend eller tildelt rettleiar før sommarferien. Instituttet gjer ei samla vurdering av rettleiing ut ifrå kompetanse og tilgjengelege rettleiingsressursar.

Når rettleiingstilhøvet er klart skal det fyllast ut ein rettleiingsavtale, som finst på denne sida. Kontrakten skal underskrivast av studenten og rettleiar(ar) og leverast til studiekonsulenten din, som ekspederer han vidare. Avtalen spesifiserer både rettar og plikter for både rettleiar og student.

Signert kontrakt skal leverast seinast 1. september.

Dersom rettleiinga ikkje fungerer

Dersom rettleiingstilhøvet av ein eller anna grunn ikkje fungerer tilfredsstillande, kan studenten eller rettleiaren be om å løysast frå rettleiarkontrakten. Ny rettleiar må då avtalast med instituttet. Ta kontakt med studiekonsulenten din. 

Sjå òg etiske retningsliner for rettleiarar ved Universitetet i Oslo.

 

Publisert 19. nov. 2018 14:50 - Sist endret 5. feb. 2024 10:39