Innleveringsdagen
1. Levere digitalt i Inspera
Alle masteroppgåver skal leverast i Inspera for sensur og publisering i Nasjonalt vitenarkiv (NVA). Innleveringsfristen er kl. 15.00 på innleveringsdagen.
2. Sende inn elektronisk vitnemålsskjema
Send inn elektronisk skjema for fullført mastergrad / utferding av vitnemål. Lektor-studentar skal IKKJE levere skjema.
Trykking av masteroppgåva
ILN dekker trykking av 2 eksemplar av masteroppgåva di til eige bruk.
- Bestill trykk av oppgåva di frå Grafisk senter (tidlegare Reprosentralen). Følg instruksane du finn der.
- Kontakt studiekonsulenten din for å få oppgjeve dei kodane Grafisk senter skal ha.
Klausulering
Klausulering av masteroppgåva vil seie at du legg restriksjonar på innsynet i oppgåva di. Om du meiner at di masteroppgåve bør klausulerast må du på førehand klarere dette med instituttet. Ta kontakt med aktuell studiekonsulent før innleveringa av oppgåva. I tillegg bør du lese Universitetsbiblioteket sine nettsider om klausulering av masteroppgåver.
Innleveringsfrist
Innleveringsfrist for masteroppgåver på 60 studiepoeng
15. november / 15. mai
Innleveringsfrist for masteroppgåver på 30 studiepoeng
15. desember / 1. juni
Oppgåva kan seinast leverast til instituttet kl.15.00 på dagen for innleveringsfristen. Skulle innleveringsfristen falle på ein fridag/helgedag, vil innleveringsfristen bli flytta fram til påfølgjande arbeidsdag.
Instituttet tek ikkje i mot masteroppgåver etter innleveringsfristen. Eventuell utsetjing ved sjukdom eller anna gyldig grunn må avklarast med studiekonsulenten på ditt fagområde.