English version of this page

Innlevering av masteroppgåve

Dette må du hugse når du skal levere masteroppgåva di ved ILN.

Innleveringsdagen

1. Last opp i DUO (via Studentweb)

Masteroppgåva skal leverast i Studentweb. Her blir oppgåva blir automatisk lasta opp til DUO. Oppgåva skal vera identisk med den som blir levert til sensur i Inspera. 

2. Levere digitalt i Inspera

Masteroppgåva skal også leverast i Inspera til sensur. Innleveringsfristen er kl. 15.00 på innleveringsdagen. Brukarrettleiing for innlevering i Inspera fins her. 

3. Sende inn elektronisk vitnemålsskjema

Send inn elektronisk skjema for fullført mastergrad / utferding av vitnemål. Lektor-studentar skal IKKJE levere skjema.

Skjema på bokmål.
Skjema på nynorsk. 

Trykking av masteroppgåva

ILN dekker trykking av 3 eksemplar av masteroppgåva di til eige bruk.

Klausulering

Klausulering av masteroppgåva vil seie at du legg restriksjonar på innsynet i oppgåva di. Om du meiner at di masteroppgåve bør klausulerast må du på førehand klarere dette med instituttet. Ta kontakt med aktuell studiekonsulent før innleveringa av oppgåva. I tillegg bør du lese Universitetsbiblioteket sine nettsider om klausulering av masteroppgåver.

Innleveringsfrist

Innleveringsfrist for masteroppgåver på 60 studiepoeng
15. november / 15. mai

Innleveringsfrist for masteroppgåver på 30 studiepoeng
15. desember / 1. juni

Oppgåva kan seinast leverast til instituttet kl.15.00 på dagen for innleveringsfristen. Skulle innleveringsfristen falle på ein fridag/helgedag, vil innleveringsfristen bli flytta fram til påfølgjande arbeidsdag.

Instituttet tek ikkje i mot masteroppgåver etter innleveringsfristen. Eventuell utsetjing ved sjukdom eller anna gyldig grunn må avklarast med studiekonsulenten på ditt fagområde.

Trykk her for å lesa om reglar for sjukdom ved eksamen.

Publisert 4. mars 2016 14:06 - Sist endra 21. mars 2022 13:54