English version of this page

Grammatikk og meining

Forskinga og rettleiinga i syntaks, semantikk og pragmatikk skal få kraft og retning av arbeidet i denne gruppa.

Tre reinsdyr på en snødekt vidde

Syntaks, semantikk og pragmatikk. Korleis veks ord og enda mindre einingar til heile utsegner? Foto: Andreas Ropeid Sæbø.

Om gruppa

Dei som er med i gruppa «Grammatikk og meining», har ei sams interesse i å kartleggje og forklåre det som samlar og det som skil dei germanske, romanske og slaviske språka når det gjeld det syntaktiske, det semantiske og det pragmatiske.

Dette går på korleis ord og enda mindre einingar veks til heile utsegner, kva tydingar som blir til på vegen fram, og kva desse tydingane blir brukte til.

Målet med samarbeidet er å skuve på og hente det beste ut av det vitskaplege arbeidet vi gjer, leggje til rette for god rettleiing og mentorering og skape ein god grobotn for nye krefter.

Vi nyttar den engelske nettsiden som hovudsida vår – sjå den for aktuelle saker!

Publisert 22. nov. 2021 11:40 - Sist endret 25. apr. 2024 14:39

Deltakere

Detaljert oversikt over deltakere