Hans Ross

Hans Matthias Elisæus Ross (1833-1914) var lærar, nynorskforkjempar og folkeminnesamlar.

Svart-hvitt portrett av mann med skjegg

Ross er mest kjend for å vere målmann og arbeidde tett med Ivar Aasen. Men Ross gjorde meir enn å reise for å samle og skrive ned dialektar. Han samla og gav òg ut norske folkeminne.

Oppvekst og utdanning

Hans Ross vart født i Holum i tidlegare Vest-Agder. Faren var sokneprest Hans Christian Ross (1797-1872) og mora var Magdalene Cathrine Edle Meyer (1798–1867). Slekta på farssida kom frå Skottland.

«Namnet hans er ikkje norsk, kann du nok høyra. Me spurde honom ein gong, me skulegutane, kvar ætti hans var ifraa. Ho er nok fraa Skottland, sae han. Sidan var det ein av gutom, som sae til oss andre: eg tykkjer ikkje, eg likar Ross so godt lenger no, daa eg veit han ættar fraa utlandet.

Men det vil de visst ikkja giva honom rett i. Ross er so god ein Norigs son som nokon annan, betre enn dei alra fleste.» (Ukjent forfatter, Norsk Folkeblad, 06.02.1896)

Hans var eit evnerikt born, og vart student i 1849 i ein alder av berre 16 år. Det såg lenge ut til at Ross skulle inn i eit presteembete. Sokneprest Ross ville nemleg at sonen skulle bli prest, difor starta han å studere teologi. Men sjølv om Hans tok embetseksamen med beste karakter, var det ikkje prest han ville bli. Han var interessert i språk og geografi, og gjennomførte eit studieopphald i Baden i Tyskland i 1856-57. Valet om å bli lærar var eit meir naturleg val for Ross, og han vart tilsett som lærar i tysk, engelsk og geografi ved Hartvig Nissens skole i Kristiania i 1857, og ved Kristiania katedralskole i 1867.

Kritisk stemme og aktiv skribent

I 1859-60 var Ross i Skottland og England. Bakgrunnen for dette opphaldet er ikkje kjent, men det kan ha vore interessa for språk og geografi som gjorde at trongen til å reise og lære melde seg. På denne reisa skreiv han teksten “Europe as it ought to be at the End of 1861”, som vart gjeven ut som hefte av eit forlag i London. Her skisserer han opp eit ideelt og nytt bilete av Europa, med De sameine statane som modell. Artikkelen viser ein omfattande kjennskap til historie og nyare politiske system og styringsmodellar. Så mykje kunnskap hadde Ross at han meinte han sat på løysinga for eit betre Europa. I 1861, etter turen i Skottland og England, flytta Ross til Kristiania. Der vart han kjend med andre målmenn, blant andre Aasen, eit miljø som hadde faste og jamlege møte.

Som lærar måtte Ross halde seg oppdatert på dei faga han underviste i. I ein artikkelserie i Morgenbladet i 1861 tok han for seg Ludvig Kristensen Daa sine to geografiske utgjevingar “Lærebog i Geographien” (1859) og “Jordbeskrivelse for Begyndere” (annet opplag, 1859). I artikkelserien peikar han på alle geografiske feil og misvisande informasjon som han meinte Daa hadde gjort i bøkene sine.

Ross på Noregsreise

Om sumrane i perioden 1866 til 1870 reiste Ross rundt for å samle dialektord. I 1866 med eigne midlar, og frå 1867 med stipend frå Universitetet i Kristiania. Stipendet vart ikkje fornya ved søknad i 1870, og dermed samla Ross igjen inn på eige initiativ i feriane. Han jobba framleis som lærar i denne perioden, fram til 1877 då han søkte og fekk stipend frå Stortinget for å drive med målgransking på fulltid. Med statsstipend reiste han rundt i Noreg og samla inn dialektord. Det var framleis om sumrane han reiste.

Han var kjend for å vera ein omgjengeleg og kvikk kar som hadde lett for å prate med folk. Torleiv Hannaas skreiv om Ross:

“Han var so gløgg og gaaig at noko fann han kvar han so ferdast, paa veg eller stræte, paa eimbaat eller jarnveg, i bondestovor eller by-salar. Ofte søkte han til skular der han kunde finna folk fraa mange bygdelag, som lærarskular og underoffiserskular. Og daa dei tok til med maalskeid um sumrarne, daa var Hans Ross ein viss og vælsedd gjest.” (frå Torleiv Hannaas sitt minneord om Hans Ross, 1915)

Folkeminnesamlaren

Samstundes som Ross samla ord og dialektar til ordbøkene, samla han òg folkeminne og folkedikting. Han ville ikkje at ordbøkene skulle bli ein oppstykka oppramsing av ord. Difor brukte han segn og songar for å få språket til å tre levande fram. I bokverket «Norske bygdemaal» finst blant anna eventyret «Dei tri latfantan» av brødrene Grimm, som målprøve frå Nore i Numedal.

Ei anna årsak var eit ønske om at folk skulle ha lesestoff i ei språkdrakt som var tettare på sitt eige talemål. Ross samla eit vidt spekter av folkeminne og tradisjonar; eventyr og segner, ordtøke, dikt, viser og voggeviser.

Mest kjende verk

Det er kanskje som målmann og frå samarbeidet med Ivar Aasen vi kjenner Ross best. Interessa for språk innebar òg interesse for norske dialektar. Det er ikkje heilt klart korleis Aasen og Ross starta opp sitt samarbeid om å kartlegge norske dialektar, men Ross kjende til Aasens verksemd, og meinte han ikkje gjorde nok arbeid i Agder. I 1859 dukkar dei første av Ross sine oppteikningar over dialektord opp i Aasens notat.

Ross fortsette med innsamling av norske dialektord etter at Aasen ferdigstilte sitt verk. Hans to store kjende verk er «Norsk Ordbog» som kom ut som enkelthefte mellom 1890 og 1895, og «Norske bygdemaal» frå 1905 til 1909. «Norsk Ordbog» var meint som eit tillegg til Aasens ordbok som blei utgitt i andre utgåve i 1873. Den hadde undertittelen «Tillæg til «Norsk ordbog» af Ivar Aasen». Resultatet blei ei ordbok som var større og meir omfattande enn det Aasen hadde produsert.

Venskap med Vinje

Gjennom åra med innsamling og reiseverksemd bygde Ross seg eit solid nettverk av kjende personar i Noreg. Han var blant anna god ven med Aasmund Olavsson Vinje. I perioden 1844-1848 var Vinje lærar ved Mandal Borgerskole, der Carsten Ross var styrar. Carsten var Hans sin onkel, og Hans selv var elev på skolen. Det er usikkert om Vinje og Hans Ross hadde kontakt ved Mandal Borgerskole, men dei vart vener i vaksen alder.

Ross var med i Vinjes mållag, Døleringen, namngjeven etter tidsskriftet Dølen, der han også omga seg med kjende folk som Georg Sars og Carl Berner. Dølen spela ein viktig rolle i utviklinga av landsmål som skriftsspråk.

På trykk

Naturleg nok skreiv Ross mykje om språk og det tradisjonsmaterialet han samla inn, som dikt, stev, ordtøke og barnesullar, og mykje vart publisert i Dølen. Ross fekk også publisert artiklar i Morgenbladet og seinare Dagbladet, etter at det vart grunnlagt i 1869. I Dagbladet i 1872 skreiv han eit motsvar til Bjørnsons ytringar om at Noreg hadde ei framtid med Tyskland, og ikkje Frankrike, som dei fleste styrande herrar i Danmark-Norge på den tida meinte. I innlegget som var delt i to delar og er kalt “I Anledning af Spørgsmaalet «med hvem har vi Fremtid?»”. Her søker Ross å framheve at Noreg ikkje må låse seg til ein alliert, men sette seg sjølv i første rekke og ha eit ope sinn for kven ein bør vere med eller imot.

“Lauvduskar”

Kretsen som publiserte i Dølen og var med i Døleringen, ønskte seg eit forlag som publiserte verk og forfattarar som skreiv på landsmål. Saman med nokre andre målmenn hadde Ross, på privat rekning, utgjeve nokre små hefte med eigne og andre sine innsamla vers og viser. Desse vart kalla “Lauvduskar” og vart delt ut på Ross sine reiser. Målet var å gjere landsmålet kjent. Det sette fart på diskusjonen om å grunnleggje eit nynorsk forlag.

Ross skulle spele ei stor rolle i skipinga av det som fekk namnet Det Norske Samlaget i 1868, og sat i styret i perioden 1872-1884. Ei av dei første utgjevingane til Det Norske Samlaget var ei ny utgåve av “Lauvduskar” som kom i 1869. Det Norske Samlaget fortsette tradisjonen med å gje ut innsamla materiale frå ymse målmenn under tittelen “Lauvduskar”. Ross var tungt involvert enten som bidragsytar, redaktør eller rådgjevar. Det siste bindet i rekka var det sjette, og vart publisert i 1887.

Det Norske Samlaget

Ross sitt arbeid med Det Norske Samlaget bestod mykje i å vere redaktør eller stå bak utgjevingar og bøker som inneheldt viser, stev, segner og eventyr, ofte innsamla av andre enn han sjølv. I 1869 kom også ei anna bok som Ross stod bak, “Ymse Smaastykke”. Boka inneheld nytrykte versjonar av innsamla materiale frå Vinje og Aasen, samt stykke som tidlegare hadde vore publisert i Dølen.

I tillegg til å skrive og gje ut sitt eige og andre sitt innsamla materiale, omsette han også andre innsamla folkeminne til landsmål. Blant anna omsette han Nikka Vonens (1836-1933) oppteikningar frå Sunnfjord frå riksmål til sunnfjorddialekt.

Nikka Vonen på lokalhistoriewiki.no

“Ein soge-bundel"

I 1869, same år som “Lauvduskar”, kom også eventyrsamlinga “Ein soge-bundel" på Det Norske Samlaget. Det inneheldt tretten eventyr, som alle er samla av Ross sjølv, og alle stadfesta til ulike bygder i Noreg. Der Asbjørnsen og Moe fornorska det danske skriftsspråket i sine utgjevingar, gjekk Ross eit skritt lengre og ga dei ut på den dialekta dei var fortalt på.

 

Faksimile av forsiden til Ein Soge-Bundel
Faksimile av Ein Soge-Bundel.

“Norske viser og stev”

Ross sin produksjon var stor på den tida Det Norske Samlaget vart skipa. I 1869 kom det på P. T. Mallings forlag ei tredje utgåve av “Norske viser og stev”, redigert av Hans Ross. Første utgåve er frå 1840, med forord av Jørgen Moe, andre utgåve  frå 1848 redigert og med forord av P. A. Munch. Den tredje utgåva hadde med Jørgen Moes forord i tillegg til eit nytt av Ross sjølv.

Ross kommenterte at den tredje utgåva inneheld rundt halvparten av dei same viser og stev som de to føregåande, samt at han hadde valt ut 28 nye stykke av kjende og ukjende diktarar. Det grunngav han med at det var mykje meir materiale å velje i no enn ved den første utgjevinga. Han skulle også ønske at utgjevinga inneheldt fleire voggeviser:

“Jeg har ogsaa en Formodning om, at de Fleste vil finde, at jeg har for mange Vuggeviser: havde Pladsen tilladt det, havde jeg dog optaget langt flere, om muligt saa mange, at Mødre Landet rundt her kunde fundet noget at synge over Vuggen, hver i sit eget hjemlige Maal” (Hans Ross, Forord til Tredie Udgave, Norske Viser og Stev, Kristiania, november 1868).

Her ser vi kor viktig Ross meinte det var at ein kvar kunne finne noko å lese på si eiga dialekt. I tillegg kan ein tenke seg at han med dette meinte det var viktig for barn å høyre sitt eige mål i høgtlesing gjennom oppveksten. Men det siste blir berre spekulasjon.

Anerkjenning i samtida"Til Hans Ross" av Arne Garborg til 80-årsdagen

Ross var både eit førebilete og ein ressursperson for fleire norske målmenn og forfattarar, som forfattar Arne Garborg, politikar og salmediktar Elias Blix, og språkforskar Amund B. Larsen. Av korrespondanse med Amalie Skram veit vi at Ross hjelpte til med å korrekturlese strilemålet i arbeidet med «Hellemyrsfolket». I 1892 vart han innvilga medlemskap i Det norske vitskapsakademiet.

I 1905 kom boka “Norsk eventyrbok : etter uppskrifter paa folkemaalet” på Det Norske Samlaget. Forfattaren var Rasmus Løland (1861-1907), som òg var journalist og omsetjar, og som skreiv på landsmål. Løland har brukt alle Ross sine eventyr frå “Ein Soge-Bundel" i boka. Han har òg brukt oppteikningar frå andre samlarar, til dømes Ivar Mortenson og Moltke Moe. I forordet skriv Løland:

“Det hev høvt seg so heppe at eg i dette arbeidet hev kunne taka “Ein sogebundel” til munster.”

Ross vart heidra ved fleire høve blant anna på sin 70- og 80- årsdag. 80-årsdagen vart feira i rokokkosalen på Grand Hotel i Kristiania med 120 gjestar. Blant gjestane var Arne og Hulda Garborg, Carl Berner, Moltke Moe, Fernanda Nissen og fleire stortingsmenn. Garborg hadde til og med skrive ein festsong til ære for Ross. Hendinga vart nemnt i fleire norske dagsaviser.

I takketalen sin den kvelden sa Ross at han ikkje trudde på ei samansmelting av riksmål og landsmål. Ein spådom han har fått rett i fram til i dag.

Ross i Norsk Folkeminnesamling

Dei folkeminne og folketradisjonar som Hans Ross samla inn er ein del av det opphavlege materialet som i dag utgjer Norsk Folkeminnesamling. Ross sende mykje av det innsamla tradisjonsmaterialet til Moltke Moe. Når eller kor mykje av materialet han ga frå seg er uklart, men i arbeidsmeldingane til Stortinget i perioden 1877-1885 skriv han at han har late Moe få funn av folketradisjonar som viser, stev og segner. Samlinga inneheld mykje notatark og lausark, der det er skrive ned viser, vers og ymse småtekster, samt dialektprøver og ordlister. Det finst òg ein del brev og nokre avisutklipp.

Mykje av materialet er ennå ikkje publisert.

Bilde av sammenbundet arkivmateriale.
Materiale etter Hans Ross i Norsk Folkeminnesamling

Om Norsk Folkeminnesamling på uio.no

Ettermæle

Den 13. juli 1914 fekk Ross slag, og vart innlagt på Ullevål sjukehus der han døydde morgonen den 16. juli. Hans sin ven, filolog og folklorist Torleiv Hannaas (1974-1929) skreiv eit minneord til Ross i 1915, der han skildrar siste gongen han møtte Ross. Det var i Kristiania berre ein månad før han døydde.

“Det var sjaalegt at han hadde falle; men han var toleg frisk og fjørug endaa. Me gjekk av og aat middag saman. Han gantast med gjentorne som reidde bordet, og var kvik og morosam som fyrr.” (frå Torleiv Hannaas sitt minneord om Hans Ross, 1915)

Ross vil for dei fleste i dag vera kjend som målmannen som etter Ivar Aasen gjorde mest for norske målføre. Arbeidet hans har levd mykje i skuggen av Aasen, og han har ikkje blitt framheva som en sjølvstendig forkjempar for nynorsken. Noko skuld i det har han kanskje sjølv, i og med at han gav namn til ordboka si etter Aasen.

Det har også vore lite merksemd rundt Ross sitt arbeid som folkeminnesamlar. Namnet hans står sjeldan på trykk i samband med dei ulike utgjevingane, og man kan berre spekulere i årsaka. Likevel er det ikkje til å komme bort ifrå at Ross var en pionér i si samtid når det kom til språkforma i utgjevingane av viser og stev, eventyr og segner.

Kjelder:

Baklid, Herleik (2021) «saalænge Eventyr kan Hjertet røre» : Aasmund Olavsson Vinje og folkeminnene. I: Åslund, A. et al. (red.) Tvisyn, innsyn, utsyn : Nærblikk på A.O. Vinje.  Spartacus Forlag AS / Scandinavian Academic Press.

“Oslo byleksikon” (2000) Kunnskapsforlaget, s. 180

“Festen for Hans Ross”. I: Dagbladet, 15. april 1913 

“Det Norske Samlaget fyller 100 år. Nokre data om eit uvanleg forlag”. Hardanger 1968.03.20.

Garborg, Arne (1913) Til Hans Ross. I: Indtrøndelagen, 21. april 1913

Halvorsen, J.B.(1896) ''Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880''. Utg. Den Norske Forlagsforening.

Hannaas, Torleiv (1915) Minnestykke. I: For by og bygd, 2. mai og 16. mai 1915.

Harildstad, Gudmund (1996) Hans Ross – i skuggen av Aasen. I: Vågå: sagt og skrivi gjennom ti’in 96/5, Mållaget.

Hans Ross – Norsk biografisk leksikon (snl.no)

Hans Ross – lokalhistoriewiki.no

«I Anledning af Spørgsmaalet «med hvem har vi Fremtid?»» Del 1: Dagbladet 1872.11.08 Dagbladet (nb.no) og Del 2: Dagbladet 1872.11.09 Dagbladet (nb.no)

Larsen, Amund B. (1914) Hans Ross. Mindetale i videnskabsselskapet 23de oktober 1914. I: Maal og minne. s.177–180. 

Ross, Hans (1907): ''Norske bygdemaal''. Utg. I kommission hos Dybwad.

Løland, Rasmus (1905) Norsk eventyrbok : etter uppskrifter paa folkemaalet. Det Norske Samlaget.

Norsk Folkeblad 1896.02.06 Hans Ross 

Norske Viser og Stev''. Utg. Malling. no. 1869. 

Ross, Hans (1860) Europe as it ought to be at the end of 1861. Edward Stanford, London

Skjekkeland, Martin (2004) Hans Ross - Språkgranskaren frå Mandalen. I: Årbok Agder Vitenskapsakademi

Torleiv Hannaas sitt minneord om Hans Ross på Ivar Aasen-Tunet (web.archive)

Venås, Kjell (2009) Hans Ross : målføregranskar, ordboksskrivar og grammatikar. Novus Forlag.

Av Therese Foldvik
Publisert 31. jan. 2023 16:31 - Sist endret 22. jan. 2024 12:19